Frispark
FORFØLGING: Patrick Fung var programdirektør og taler under Lausanne-kongressen.
Grace Snavely, Lausanne-rørsla
Utfordra av Seoul Statement
Den teologiske erklæringa skapte engasjement så snart den blei offentleg. Det skjedde midt under den fjerde Lausanne-kongressen for verdsmisjon i Sør-Korea.
Alle fire Lausanne-kongressane har levert viktige dokument som samlar og profilerer evangelisk misjon. Lausannepakta frå 1974 er den mest kjente. I år kom Seoul Statement.
Årets uttale balanserer mellom kontinuitet og aktualitet. Det blir sagt tydeleg at den fullt ut sluttar seg til og bygger på dei tre som er komne tidlegare.