For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

BIBELOMSETJING: Same kva omsetjingsprinsipp ein legg til grunn, om det er tanke for tanke eller ord for ord, så kjem ein ikkje forbi kravet om å ha inngåande kjennskap til enkeltordet, skriv Kjell Helland.

Utfordrande ord i Bibelen

Publisert Sist oppdatert

Å lesa Bibelen på grunnteksten byr på mange utfordringar, det veit kvar den som har sysla litt med det. Ei av desse er den sak at det finst ord ein ikkje er heilt sikker på kva betyr, og som heller ikkje dei lærdaste av dei lærde kan gje fullgod forklaring på. No er ikkje dette noko stort problem, for det er svært sjeldan det førekjem. Problemet vert heller, som ein har sagt, dei orda eg så inderleg godt forstår meininga i, men som likevel kan vera vanskelege.

Så har me ord som betyr omtrent det same – synonym – som kan ha betydningsvalørar som berre kjennarar av det bestemte språket har fullgod innsikt i. Derfor må den som omset frå andre språk ikkje berre kjenna godt til det framande språket, det krevst og inngåande kjennskap til eige språk; til nyansar og assosiasjonar som dei ulike orda er berarar av. Manglande kjennskap til dette, og dessutan til styrke, spennvidd og seiemåtar i eige språk, kan føra til upresis omsetjing.

Framfor alt er det viktig å kjenna den minste komponenten i språket: Ordet. For same kva omsetjingsprinsipp ein legg til grunn, om det er tanke for tanke eller ord for ord, så kjem ein ikkje forbi kravet om å ha inngåande kjennskap til enkeltordet.

Powered by Labrador CMS