Debatt

NLM: Lars Gaute Jøssang under generalforsamlinga i Misjonssambandet i 2022.

Utfordrande tider i Misjonssambandet

Publisert Sist oppdatert

Over lengre tid har det vore mykje uro i Misjonssambandet. Misnøya har gått på ulike ting, men mykje har handla om leiarskapet sentralt og handsaminga av ein del personalsaker.

I det eine avisinnlegget etter det andre har generalsekretær, personalleiar og andre ved hovudkontoret fått passet sitt påskrive. Som hovudstyreformann i dei «verste» åra (2009-2018) fortener også eg ein lusing.

I innlegget i Dagen 23. mai («Oppgjør, forsoning og veiskiller i Misjonssambandet») er Bjørg Aambø Østby nøye med å understreka nettopp det.

Smalt synsfelt

I det store og heile gjentek ho det andre har sagt før. Men ved å stilla saman ulike hendingar i ein kronologisk orden bygger ho samstundes ei forteljing om den nyaste historia til Misjonssambandet.

At det kan vera i tidlegaste laget, er så si sak. Vel så oppsiktsvekkande er det einsidige og tendensiøse kjeldeutvalet.

Idealet om ei sakleg og nokolunde balansert framstilling er ute av horisonten. Dermed går også viktige moment og nyansar tapt.

Så vidt eg kan sjå er mykje av motivasjonen hjå ein del at dei skuldige skal takast, hengast ut og helst drivast ut i ørkenen.

Det mest kritikkverdige er likevel at handlingsrommet (konteksten) er så godt som fråverande. Eit slikt innsteg avlar ein enkel logikk.

Slik Aambø Østby uttrykker seg er det likt til at nokon er gode og andre vonde. Denne «helt- og skurk»-metodikken er både forenklande og tilslørande.

Dei handlande vil alltid vera ein del av ein større samanheng. I møte med ein mangslungen røyndom, som tilfellet er med Misjonssambandet, må blikket hevast og synsfeltet utvidast. Denne kommentaren er eit forsøk på det.

Jus og paragrafar viktigare

På 1990-talet bestemte Misjonssambandet å prioritera dei minst nådde (jf 10/40-vinduet). Det førte til smertefulle omstillingar og mykje frustrasjon, ikkje minst for Etiopia-feltet.

Overgangen frå foreiningsmisjon til forsamlingsmisjon med frikyrkjelege trekk har heller ikkje vore enkel. Til dette kom dei vanskelege overgrepssakene, for ikkje å snakka om misjonærbarnsaka.

Implementering av eit nytt «verdsleg» HMS-regime, arbeidsmiljøundersøkingar, personlegdomstestar, digitalisering med meir har også sett sine spor. Ei skjerpa personvernlovgjeving er òg ein del av den nye røyndomen.

Eg vil også meina at ein meir individualistisk, kravstor og kjenslebasert mentalitet har vunne innpass. At det i dette klimaet kom ei medarbeidarforeining (fagforeining), var vel naturleg.

Denne utviklinga har gjort noko med kulturen, relasjonane og i det heile måten å driva misjonen på. Det kan neppe vera tvil om at alt dette har budd på spesielle leiarutfordringar.

Så vidt eg kan vurdera har verksemda blitt meir teknifisert og mekanisert, nærast i alle ledd. Kanskje har jusen og paragrafane blitt viktigare enn dei åndelege og sjelesørgeriske sidene av arbeidet?

«Skuggeregjering» i media

Misjonssambandet er ein demokratisk oppbygd organisasjon. Den tradisjonelle grunnstrukturen består av grupper, lag, foreiningar, forsamlingar, fellesforeiningar og samskipnader.

Gjennom utsendingane sine har misjonsfolket, «eigarane», tale- og stemmerett på årsmøte og i generalforsamlingar. Dei samtalar om årsmeldingar, rekneskapar og strategiar og vender tommelen opp eller ned for det som blir lagt fram.

Ved hemmeleg val bestemmer dei også kven som skal sitja i styre og råd. Det er innafor dette ramme- og styringsverket generalsekretær, hovudstyre og formann opererer.

NLM: Her er Lars Gaute Jøssang saman med dåverande generalsekretær Øyvind Åsland under generalforsamlinga i 2018. Til venstre Jøssang si kone Marit.

Dei siste åra har denne styringsstrukturen blitt utfordra av ein opposisjon – det eg vil kalla ei «skuggeregjering». Kritikarane har funne saman, bygd nettverk og koordinert framstøytane sine gjennom sosiale media og i den kristne dagspressa.

Målet har vore å påverka agenda, saksgang og utfall. Denne «utanomparlamentariske» medieaktivismen har skapt ein ny situasjon og budd på store utfordringar.

Kanskje det mest iaugefallande er at deler av personalforvaltinga har flytta seg ut i det offentlege rommet. Når det kjem «analysar», krav og utspel frå «skuggeregjeringa», har leiinga av personvernomsyn i dei fleste tilfelle berre måtta teia. Dermed oppstår informasjonskløfter som kan vera krevjande nok.

Krevjande prosessar

Me er inne i ei tid i Misjonssambandet der alt skal setjast i rette skikk. Og det er vel og bra så langt det rekk.

Så vidt eg kan sjå er mykje av motivasjonen hjå ein del at dei skuldige skal takast, hengast ut og helst drivast ut i ørkenen. Berre dei «reine» og «rettferdige» skal få vera med vidare.

Eg trur eg har lese dei fleste innlegga i Dagen og Vårt Land om Misjonssambandet dei siste åra. Meir enn ein gong har det slege meg: Korleis kan dei vera så skråsikre, dømmande og utleverande (jf innlegget til Aambø Østby)?

Her er påstandar, insinuasjonar, samlikningar, bruk av ironi og sarkasmar, som ein ikkje akkurat minner om kristen åtferd.

Den massive og unyanserte kritikken blir opplevd både urimeleg og sårande for dei som blir råka. Samstundes går desse skyljebøttene også ut over ektefelle, born, familie elles og venekrins. Kanskje treng også nokon av desse ei handsrekning?

Dei fyrste og grunnleggande ting

Det vil grensa til vanvit å hevda at leiinga i Misjonssambandet alltid har handla rett i eitt og alt. Somme gonger burde ein nok ha lytta meir og gjerne vore meir varsam i ordbruken.

Til tider kunne også rolleforståinga ha vore betre. Og meir kunne vore nemnt. Men skal alt av feilsteg ropast ut frå hustaka?

Bør ikkje oppgjera takast i interne fora? Høver karakteristikkane «ljomande malm» og «klingande bjølle» på oss (1. Kor. 13)?

Det står tankevekkande nok at kjærleiken «løyner ei mengd med synder» (1. Pet 4). Kvar har det tilgjevande og overberande sinnet har teke vegen?

Jesu tok seg tid å vaska dei skitne føtene til læresveinane. Er her noko å læra? Og kven døydde han for? Var det ikkje for feilande, ufullkomne og syndige menneske?

Misjonssambandet har aldri vore noko gullkar, og vil heller aldri bli det. Leirkaret Misjonssambandet har i alle år hatt sprekker, til tider svært så synlege (2. Kor. 4).

Men skatten, nåden og evangeliet, har me likevel – midt i all vesaldomen – fått eiga! Må Gud gje at det får vera hovudsaka i dagar og tider som måtte koma!

«Difor, sysken, må de setja endå meir inn på å halda fast på dykkar kall og utveljing» (1. Pet.1).

Powered by Labrador CMS