Debatt
ANDRE STRATEGIAR: Pinsekrafta ser ikkje ut til å vera viktig for dei som stod bak «The Send», skriv Vidar Sætre.
Gerd Vårin Emmerhoff-Sæther
Utsendt for å byggja Babels tårn?
Årets kristensatsing i Noreg fekk engelske språkbein å gå på – med både hovudtittel, motto (satsa heilt på Jesus) og omtale av førebuande møte på engelsk.
Slik viser kristne at ein følgjer tidsånda. For i siste generasjon har engelsk breidd seg ekstra sterkt ut i Noreg, i takt med globaliseringa – både i akademia, næringslivet og kristne samanhengar, der Dagen for tida søkjer etter ein «key account manager» (= rekneskapsførar?).
Forteljinga om Babels tårn i 1 Mos 11,1–9 viser at Gud går imot prosjekt som handlar om å byggja ein by med eit himmelhøgt tårn for å fremja seg sjølv. Og med eitt tungemål og dei same orda var dette prosjektet realistisk – før Gud vildra tungemålet deira slik at dei vart spreidde ut over heile jorda.