Debatt
Utviklinga ved Menighetsfakultetet
Eg viser til intervju med Terje Hegertun i Dagen 15. november. Det synest tydeleg for meg at dei som kjem inn i MF-miljøet hamnar meir eller mindre i den «liberale grøfta».
Mine tankar går tilbake i tida. Eg hadde god kontakt med prof. Carl Fr. Wisløff. Som kjent forlèt han MF fordi han ikkje kjende seg heime i utviklinga ved universitetet.
Han fortalde at ein dag møtte han ein tidlegare kollega som hadde ei slik helsing: «Det er plass for deg óg på MF, Carl Fredrik.» Og svaret vart: «Ja, der er plass til mye der.» Det er synleg at «mye» er blitt til mykje meir med åra.
Så merkar eg meg Hegertun avsluttar med at han synest at «rommet blir for smalt. Vi blir for defensive og for trange». Igjen må eg minnast min ven Wisløff. Han sa det slik ein gong: «Kjell, jeg tror at til nærmere vi kommer enden, til mer og mer vil de som står for en hel bibel bli presset sammen på tvers av tidligere skillelinjer.»
Vi er tydeleg komne inn i den tida no. La oss stå opp for Skrifta slik den er gitt oss gjennom profetane og apostlane, og frå vår Frelsar Jesus Kristus. Han som fekk tittelen «Det truverdige Vitnet» (Åp 1,5).