Debatt
FORLET MF: Professor Carl Fr. Wisløff forlèt i si tid Menighetsfakultetet fordi han ikkje kjende seg heime i utviklinga ved universitetet, skriv Kjell Furnes.
Dagen
Utviklinga ved Menighetsfakultetet
Eg viser til intervju med Terje Hegertun i Dagen 15. november. Det synest tydeleg for meg at dei som kjem inn i MF-miljøet hamnar meir eller mindre i den «liberale grøfta».
Mine tankar går tilbake i tida. Eg hadde god kontakt med prof. Carl Fr. Wisløff. Som kjent forlèt han MF fordi han ikkje kjende seg heime i utviklinga ved universitetet.
Han fortalde at ein dag møtte han ein tidlegare kollega som hadde ei slik helsing: «Det er plass for deg óg på MF, Carl Fredrik.» Og svaret vart: «Ja, der er plass til mye der.» Det er synleg at «mye» er blitt til mykje meir med åra.