| Debatt
Våpenkvile og Israel
LØSLATT GISSEL: På dette bildet utgitt av den israelske hæren, omfavner Emily Damari, til høyre, og hennes mor Mandy, etter at Emily ble løslatt fra fangenskap av Hamas-militanter i Gaza, søndag 19. januar.
Foto: AP / NTB
Krig er i utgangspunktet aldri eit gode, men ein tragedie. Det er lite det følgjer så mykje liding og død med som krig. Når nokon likevel gjer den vonde gjerninga det er å gå til krig, må denne stansast, slik at dei destruktive kreftene ikkje får bre om seg. Det inneber ein rettferdig forsvarskrig. Det såg vi svært tydeleg ved Den andre verdskrigen, der Hitler starta vondskapen og dei allierte nedkjemp tyrannen og nazismen.
Ein krig må avsluttast med rettferdig fred, altså at den som har gått til uretteleg krig ikkje får fordeler av det, men den som forsvarar seg får det som er rett. På vegen dit kan det vera nødvendig med våpenkviler og mellombels fredsslutningar.
I desse dagar har vi fått ei våpenkvile i Midtausten mellom Hamas og Israel. Det er ei våpenkvile så må ha sete langt inne hjå israelarane, fordi ein har ikkje fått teke endeleg oppgjer med den terroren som utløyste krigen, ein har ikkje fått skikkeleg bukt med Hamas, sjølv om organisasjonen er sterkt svekkja. Det er ingen teikn til rettferdig fred i forlenginga av denne våpenkvila.