Debatt

VEDKJENNINGSSPØRSMÅL OG FRELSESSPØRSMÅL: Det er Guds ord som har definisjonsretten, ikkje hjelpeord som menneske har laga, skriv Johannes Kleppa.

Vedkjenningsspørsmål og frelsesspørsmål

Publisert Sist oppdatert

Til tider oppstår det debatt knytt til teologiske spørsmål og lærepunkt om det er vedkjenningsspørsmål eller ikkje. I det siste har det vore eit aktuelt tema når det gjeld homofilt samliv og «likekjønna ekteskap».

Det kan vera ei nyttig spørsmålsstilling, men nokre gonger kan slik plassering av lærespørsmål forvirra og villeia meir enn det avklarer og rettleier, særleg når kategoriseringar vert sette opp mot kvarandre.

I tillegg til vedkjenningsspørsmål vert det gjerne talt om frelsesspørsmål og konfesjonelle spørsmål. Er det kategoriar som overlappar kvarandre, eller er det uttrykk for å plassera spørsmål i ulik alvorsgrad?

Alle slike omgrep og kategoriar er noko vi menneske har laga oss for å rydda i tanken og plassera teologiske spørsmål i eit system. Spørsmålet er om dei er eigna for å få fram den bibelske vurderinga av ulike læresyn.

Nokre gonger vert vedkjenningsspørsmål einsidig oppfatta som spørsmål som er omtalte i eit kyrkjesamfunn sine vedkjenningsskrifter. Er dei ikkje det, vert dei oppfatta som mindre viktige, og noko ein kan vera usamde om utan at det er kyrkjesplittande.

Det er ei ahistorisk oppfatning av vedkjenningsskriftene, fordi desse er ikkje fullstendige i forhold til den totale bibelske læra. Dei omhandlar stort sett spørsmål det var strid om på den tida vedkjenningsskriftene vart til. Hadde dei vorte skrivne på eit anna tidspunkt, ville dei teke opp delvis andre spørsmål.

På tvers av ulike dåpssyn, vil alle meina at dåpsspørsmålet er viktig.

Spørsmålet om homoseksuelt samliv og likekjønna ekteskap er eit godt døme på dette. Det var eit spørsmål det var absolutt semje om på reformasjonstida, som praktisk talt for alle etiske spørsmål.

Det er difor ikkje omtalt i vedkjenningsskriftene, men er like fullt ut frå Bibelens omtale av saka eit vedkjenningsspørsmål. Det er eit vedkjenningsspørsmål av to grunnar. Det eine er at det er fundamentalt i forståinga av skapinga av menneske som mann og kvinne, og med det i forståinga av ekteskapet. Det andre er at Guds ord seier at dei som lever i homoseksuelle forhold ikkje skal arva Guds rike.

Det gjeld altså ævespørsmålet, og det som avgjer frelse eller fortaping er både eit vedkjenningsspørsmål og frelsesspørsmål, og det er eit kyrkjesplittande spørsmål.

Det å skilja mellom vedkjenningsspørsmål og frelsesspørsmål kan nokre gonger vera greitt, men slett ikkje alltid. Dei sentrale spørsmål om Jesu person og frelsesverk er både vedkjenningsspørsmål og frelsesspørsmål.

Det har vore diskutert om spørsmålet om kvinneleg prestar eller spørsmålet om tenestedeling er eit vedkjenningsspørsmål eller ikkje. Nokre av oss tenderer til å seia det, fordi vi er samvitsovertydde i saka. Derimot vil vi ikkje seia at det er eit frelsesspørsmål, altså at kvinner går fortapt om dei er prestar, hyrdar eller lærar i den kristne forsamlinga.

Konfesjonelle spørsmål er vedkjenningsspørsmål i den tyding at dei dannar vedkjenning for dei ulike kyrkjesamfunna. Vi har derimot ikkje brukt å forstå konfesjonelle spørsmål som frelsesspørsmål, altså at frelse eller fortaping går langs konfesjonelle liner. Ein kan likevel ikkje generelt plassera vedkjenningsspørsmål på line med konfesjonelle spørsmål, og med det seia at dei ikkje er frelsesspørsmål, til det er vedkjenningsspørsmåla for ulike når vi lesa kva vekt Bibelen legg på ulike spørsmål.

Konfesjonelle spørsmål er viktige, men dei er ikkje utan vidare frelsesspørsmål. Det er i stor grad dei felleskristne vedkjenningsspørsmåla som er frelsesspørsmål. På tvers av ulike dåpssyn, vil alle meina at dåpsspørsmålet er viktig. Vi les likevel ikkje nokon stad i Bibelen, at folk som vert døype med truandes dåp (vaksendåp), ikkje skal arva Guds rike. Like lite som vi les at barnedøypte ikkje skal få del i Guds rike.

Derimot les vi i Bibelen at folk som lever homoseksuelt, ikkje skal arva Guds rike, fordi det er imot den sunne læra om evangeliet. Dåpssynet og homofilisynet har altså ulike karakter med tanke på frelsa, sjølv om begge er vedkjenningsspørsmål.

Poenget er at vi ikkje må bruka ord og omgrep på ein slik måte at dei overstyrer det Bibelen lærer om ulike spørsmål. Det er Guds ord som har definisjonsretten, ikkje hjelpeord som menneske har laga.

Powered by Labrador CMS