Debatt
VEGEN HEIM: Biskop Ottar M. Myrseth heldt preik 8. mai om vegen heim.
Herman Frantzen
Vegen heim
Preik frå Den nordisk-katolske kirke søndag 8. mai i kapellet på Nordre gravlund.
Preiketekst: Joh 14,1–11.
Mennesket har aldri hatt så stor oversikt som i vår generasjon. Globalisering har vore trend i heile vårt hundreår. Men trass god oversikt over livet, geografien, medisinen, vitskapen med meir, tyder mykje på at mennesket er meir bortkomme i tilværet enn på lenge. Det skulle berre ein pandemi til, så spreidde panikken seg.