For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Meninger

VEKKING: Då eg var tidleg i tenåra var det ei stor vekking i Høyland kyrkje, som eg sokna til, skriv Erling Thu.

Vekkinga som merka meg for livet

Publisert Sist oppdatert

Då eg var tidleg i tenåra var det ei stor vekking i Høyland kyrkje, som eg sokna til. Det var generalsekretær i NMS, Johannes Skauge, som Gud brukte til å utløysa denne vekkinga som starta om hausten 1956 og varte heilt til neste sommar. Over sju hundre menneske kom til tru og liv i Gud i denne vekkinga. Det var om lag ti prosent av innbyggjarane i Høyland kommune, og viser kor stort omfang denne åndelege oppvakninga hadde.

Det som skjedde i denne vekkinga merka meg for livet. Vi trong minst ein halvtime å gå for å nå fram til Høylandskyrkja, men eg trur eg gjekk mest kvar einaste kveld. Vi unge sat ofte på galleriet, for då kunne vi følgja med på kven som gjekk fram til altaret for å bli frelst.

Eg gløymer aldri da elektrikaren i bygda, som var periodedrankar/alkoholikar, gjekk fram for å gje seg over til Gud. Då gjekk det eit forunderleg sus gjennom forsamlinga. Eller når kolonialhandlaren, som var austlending og aldri hadde sett sin fot i bedehuset, lutande gjekk fram og bøygde seg ved altaret. Det var eit verkeleg under.

Powered by Labrador CMS