Kommentar

VENLEG, MEN ULLEN: Pave Frans er første jesuittpave i historia, men har eit etterslep av misforståingar som kjennemerke.

Velsignings-virvar frå Vatikanet

Når heile verda stadig misforstår leiaren for verdas største kyrkjesamfunn, kan det ikkje berre skuldast at media er sekulært sneversynte.

Publisert Sist oppdatert

Måndag 18. desember såg endeleg nyhendebyråa i den vestlege verda ut til å få ei etterlengta overskrift frå Vatikanet. Her i Noreg køyrde også alle store mediehus ut ein variant av overskrifta «Vatikanet åpner for å velsigne likekjønnet samliv» og så eit vedheng om nokre meir eller mindre kompliserte reservasjonar og spesifikasjonar.

Hovudoverskrifta, og det er den det store fleirtalet festar seg ved, gav uansett inntrykket som alt over tid har festa deg: Den sitjande paven er i gang med ei liberalisering av læra, særleg på området likekjønna samliv. I liberale miljø er dette som ein vårvind frå Vatikanet; ein paveleg perestrojka, så å seie. Særleg vert det framstilt slik i sekulær presse.

Merkeleg nok: om ein del sekulære miljø framstiller det religiøse som irrelevant overtru, så er likevel ei slags feiring om dei religiøse ser ut til å komma på linje med fleirtalet.

Merkeleg nok er det slik at sjølv om ein del sekulære krinsar framstiller det religiøse som irrelevant overtru, så går det likevel ei slags feiring gjennom ulike redaksjonslokale om dei religiøse kjem på linje med fleirtalet i aktuelle spørsmål. Difor har det vore ei jamn interesse for ryktet om den sitjande pavens påståtte liberale teologiske tendens.

Og dermed «sprakk» også «nyhendet» om retningslinja for velsigning av menneske med likekjønna tiltrekking og andre i såkalla «irregulære forhold» som om det skulle vore ei ny ekteskapsforståing med tilhøyrande liturgi som var på trappene i pavekyrkja.

Det er dette verkeleg ikkje. Retningslinja, den såkalla «Fiducia Supplicans», som no er godkjent av pave Frans, gjer noko så komplisert som å dra opp eit skilje mellom det å velsigna menneske, uansett livsval og livsstil, og det å vidareføra ei smal forståing av ekteskapets sakrament som ei livslang ordning for ein mann og ei kvinne.

Slikt gjer ein ikkje utan å forvirra ei verd som både er framandgjort for åndeleg autoritet og som kronisk unngår å lesa det med lita skrift.

Responsen frå søster Anne Bente Hadland ved Katarinahjemmet i Oslo er talande. Til Dagen fortel ho at ho har høyrt det nye dokumentet skal vera ei oppklaring. Men veit verken heilt kva som har blitt oppklart eller korleis det skal praktiserast.

I det ein vurderer å tenna eit lys for pavens kommunikasjonsstab, får ein også kjensla av at dei har seg sjølv å takka for det etterfølgjande virvaret.

I det ein vurderer å tenna eit lys for pavens kommunikasjonsstab, får ein også kjensla av at dei har seg sjølv å takka for det etterfølgjande virvaret. Det ser særleg ut til å vera to element som forvanskar pavekyrkja sin kommunikasjon med omverda i denne saka.

Det eine er knytt til pavens bakgrunn som jesuitt.

«Alle» katolikkar veit at eit jesuitt aldri kan bli biskop. Frå 2013 har likevel nettopp ein jesuitt styrt Vatikanet. Paven er som kjent biskop av Roma. Pave Frans, den 266. paven i rekka, er den aller første med bakgrunn frå jesuittordenen, ein orden som har ein regel som forbyr medlemene å søkja seg til overordna stillingar i kyrkja.

For å sitera The Jesuit Post frå dagen etter at Jorge Mario Bergoglio vart innsett som ny pave. «What´s so weird about a Jesuit Pope?» Kva er så merkeleg med ein jesuitt som pave? Kommentatoren, Matt Spotts, svarer kortfatta: «In a word, everything». Alt.

Ordenen som den noverande paven kjem frå, har eit nokså anna oppdrag enn det som ligg til ein pave, den som skal verna om læra og oppretthalda orden i det massive systemet som den katolske kyrkja er. Ignatius de Loyola, som grunnla jesuittordenen på første del av 1500-talet, hadde rett og slett eit anna siktemål for arbeidet sitt.

I katolske miljø vert det gjerne hevda at pave Frans er ein jesuitt par excellence, ein som alltid set dialog som øvste prioritet, og som alltid leitar etter løysingar som kan gjera vidare dialog mogleg. Slik sett har han meir til felles med sentrale aktørar i til dømes norske og skandinaviske teologiske miljø, enn forgjengaren, pave Benedikt, som først og fremst markerte seg ved å leggja energi i nettopp å verna om læra og å gi tydelege konturar til kyrkja. For det vart han høgt elska i katolske kjernetroppar, og naturleg nok presentert som ein kronisk festbrems i sekulære medium.

Den andre grunnen til at «alle» let til å misforstå Vatikanets siste utspel som eit steg i retning av ny ekteskapsordning ligg i omgrepet «velsigning». I daglegtale har velsigning her til lands komme til å bety heilhjarta omfamning og godkjenning.

Det å etterlata eit ullent inntrykk, er også ei form for villa kommunikasjon

Ein katolikk vil derimot hevda at velsigningar alltid sit laust i deira krinsar, og at det slett ikkje treng dreia seg om at ein godkjenner måten folk lever på. Ei velsigning, altså eit ønskje om Guds nåde, bør kunna nå også den som ikkje skikkar seg rett.

Der lutheranarar er opptekne av omvending som eit brått skifte og eit kompromisslaust oppgjer med ei syndig fortid, er katolikkane meir prosessorienterte, og ser på omvendinga som ei pilegrimsreise. Då kan ein ikkje halda velsigninga tilbake frå nokon, men bør tvert om velsigna så mange som råd. Døra skal stå open for framtidig omvending.

Det er likevel ikkje til å koma forbi at den katolske kyrkja ser ut til å streva med formidable kommunikasjonsutfordringar i samband med dette spørsmålet. Det å etterlata eit ullent inntrykk, er også ei form for villa kommunikasjon. I neste omgang må kyrkja handtera det faktum at ein har skapt feil forventningar i svært vide krinsar.

Sjølv om det er store liberale miljø innan den katolske kyrkja som er snare til å velja å bli med på den store misforståinga i håp om ein skråplan-effekt vi har sett på nært hald i mange lutherske kyrkjer, er det også svært mange katolikkar som sukkar i desse dagar – først over sekulære medium si manglande evne til å skjøna totalbiletet – men truleg også over ein pave som over tid bidreg til å skapa eit inntrykk det ikkje er dekning for i den læra han kanskje ikkje heilhjarta greier å forsvara.

Uavhengig av evne og vilje til klar kommunikasjon, bør ei kvar kyrkje sikta høgare enn å endra læra gjennom ein serie med misforståingar.

Tida med den aller første jesuittpaven har kanskje gjort oss litt klokare på den eldgamle regelen som seier at ein Jesuitt aldri skal vera biskop.

Powered by Labrador CMS