Debatt

UFORSTÅELIG BESLUTNING: Då den amerikanske utanriksministeren sist veke drog på besøk til i Nigeria, hadde han med seg ei ekstra gåvepakke. Anthony Blinken fjerna nemleg like før avreisa landet frå «verstinglista», lista over land som står for eller tolererer grove brot på religionsfridommen. Det er ikkje til å forstå, sier Johannes Morken, redaktør i Stefanusalliansen.

Vender ryggen til Nigerias tragedie

Medan valden og terroren aukar i Nigeria, fortel Biden-administrasjonen i USA at det går betre i landet. Det er ikkje til å forstå.

Publisert Sist oppdatert

Då den amerikanske utanriksministeren sist veke drog på besøk til i Nigeria, hadde han med seg ei ekstra gåvepakke. Anthony Blinken fjerna nemleg like før avreisa landet frå «verstinglista», lista over land som står for eller tolererer grove brot på religionsfridommen.

Dette skjer medan terror og vald øydelegg det mest folkerike landet i Afrika. Nigeria vart teken inn på «verstinglista«, Countries of Particular Concern», i 2020. Det skjedde etter sterkt påtrykk frå Den amerikanske kommisjonen for internasjonal trusfridom (USCIRF).

USCIRF har over år dokumentert korleis både religiøst motivert og annan vald har eskalert i Nigeria. At utanriksminister Anthony Blinken etter berre eitt år har fjerna Nigeria igjen frå CPC-lista, vert kritisert av USCIRF. Kommisjonen seier rett ut at den er «forskrekka» over ei «uforståeleg» avgjerd. UCIRF ber utanriksdepartementet om å revurdera avgjerda.

Situasjonen i Nigeria går nemleg den gale vegen.

Boko Haram har dei siste åra drepe tusenvis og fordrive hundretusenvis i den sharia-styrte valdskampanjen i nordaust. Målretta har terrorgruppa bortført ikkje minst kristne skulejenter.

Den 18 år gamle Leah Sharibu har vore gissel i snart fire år, bortført av ei IS-tilknytt utbrytargruppe frå Boko Haram. Leah er, som kristen, blitt eit symbol på ein omfattande tragedie i Nigeria.

Utbrytargruppa IS Vest Afrika-provinsen, som i sommar drap leiaren for Boko Haram, har tidlegare erklært Leah Sharibu som «gissel for livet». Attverande Boko Haram-toppar har i haust forflytta seg i Nigeria og har ikkje gitt opp terroren. Al Qaida er også i landet.

Kidnappingsindustri
Kidnapping for løysepengar er blitt ein grufull «vekstbransje», no også i nordvest. Reine bandittar herjar. Langt over 1000 er bortførde berre sidan desember i fjor. Mange er sette fri, truleg etter at det er betalt løysepengar. Ein del er frigjorde av tryggingsstyrkar. Men framleis sit mange barn framleis som gislar.

Sentralt i Nigeria har ein gamal konflikt mellom fastbuande bønder, ofte kristne, og det hovudsakleg muslimske gjetarfolket fulani om kontrollen over jord og beiteland, eskalert. Med omfattande tilgang på automatvåpen har militsar av fulani-opphav i aukande grad gått til blodige angrep på kristne samfunn. Aktivt har dei brukt religion for å brutalisera konflikten.

«Nigeria er blitt ei dødsfelle», seier den nigerianske menneskerettsaktivisten Obiora Ike. Situasjonen er blitt verre sidan president Muhammadu Buhari kom til makta i 2015. Han meiner USAs avgjerd er ein politisk tabbe og det verste signalet USA har gjeve Afrika på ei stund. Ike er tydeleg på at hæren og tryggingsstyrkane ofte har snudd ryggen til og ikkje verna sårbare.

Klima og pandemi
Utanriksminister Blinken drog til Nigeria for å diskutera klima, grøn energi og krigen i Etiopia. Det er viktige tema for samarbeid og handlekraft. Han hadde også med seg nær åtte millionar livsviktige vaksinedosar frå Pfizer og Moderna.

Blinken skal ha understreka behovet for å granska tryggingsstyrkane sin eigen bruk av vald mot demonstrantar, ifølgje medierapportar.


Ifølgje heimesida til Det amerikanske utanriksdepartementet vart menneskerettar og behovet for å styrkja «dei demokratiske prinsippa» drøfta. Men vi anar ikkje kva som vart sagt. Eg lurer også på kva Blinken meiner med at USA og Nigeria «har felles demokratiske ideal».

Den nigerianske tragedien gjer avgjerda om å fjerna Nigeria frå «verstinglista» (Countries of Particular Concern) ufatteleg.

Russland er eitt av landa som kom inn på lista i år. Eg har ikkje eitt ord til forsvar av Russlands behandling av religiøse minoritetar.

Men når USA no hevdar at det er betre i Nigeria enn i Russland, er det berre eitt å seia: Det er nonsens.

Men når USA no hevdar at det er betre i Nigeria enn i Russland, er det berre eitt å seia: Det er nonsens.

Eg saknar også land som Vietnam og Syria på lista.

Tidlegare utanriksminister Ine Marie Eriksen Søreide forsikra i Stortinget i mars i fjor at Noreg er djupt uroleg for den humanitære krisa i Nigeria og heile regionen og for tilhøva for sårbare i Nigeria. Ho sa også at den norske ambassaden i Abuja står i direkte kontakt med dei som er involverte i forhandlingar for å få Leah Sharibu sett fri.

Eg håpar den norske ambassaden held fram innsatsen for Leah Sharibu. Dessutan må utanriksminister Anniken Huitfeldt be USA om ei forklaring på kvifor Nigeria vart fjerna frå ei «verstingsliste» det var all grunn til å lata landet stå på. Det var eit svik mot millionar.

Powered by Labrador CMS