Kommentar
Verdas aller verste allsong
Det belgiske fotballesset Kevin De Bruyne briljerer på banen. Med ørlite innsats før avspark, kunne han bygd noko som varer etter aller siste omgang.
«Den mann som ikke har musikk i sjelen, vokt deg for ham» (Ukjent)
Gruppespel-kampen i Gruppe E mellom Slovakia og Belgia var nær ved å fløytast i gong. Årets fotball-EM var inne i sin fjerde dag.
Stinn brakke i Frankfurt Arena. Kvart grasstrå står som i givakt når laga stiller opp og vert introduserte i den sydande kjempestampen av ein stadion.
Tallause stemmer løftar nasjonalsongane som ein gedigen katedral over grasmatta like før kampen. Ei slags høgtid breier seg.
Tribune-liturgi
Allsong får tidvis stempel som trivielt og kyrkje-kjedeleg. Eventuelt harry, i alle fall om du syng i nærleiken av svenskegrensa. Legg til det relativt nye fenomenet «stemmeskam», så har du motførestillingane. Men det er også noko ved songen som definerer oss som menneske.
På stadion trengst i alle fall ikkje noko kvast kremt frå ein kantor for å få fart på lungeprakta. Er det ikkje som ein slags liturgi og eit åndsliv også på tribunane? Om vi tenkjer etter, er det heilt ufatteleg at ein framleis tek seg tid til slike ritual. Songen er som unisone utbrot av håp i hedonismens fortvilte pengejag.
Allsong. Midt i den galskapen ein fotballmeisterskap i mangt er får vi ei påminning om at vi er skapte til å vera songarar. Slik sett er også stadionsong eit mektig vitnesbyrd.
Kong Davids ord i Salme 29 vert realisert, om enn berre i form av eit frampeik. «Gudesøner, gje Herren ære!» All song er djupast sett meint til akkurat det føremålet.
Midt i den galskapen ein fotballmeisterskap i mangt er får vi ei påminning om at vi er skapte til å vera songarar.
Nasjonalkjensler på indre bane
På indre bane grip dei to laga songen an heilt motsett. Slovakia luftar si euforiske nasjonalkjensle som om det galdt livet. Titusenvis elleville tilreisande, stemmer i som om dei vil lydbølgjene skal nå heilt heim til Bratislava.
Spelarane sjølve ser ut som om kampen alt er vunnen i det dei stemmer i. Trenaren står med attlatne auge og set utan atterhald lyd på kjenslene sine.
Så er det Belgia sin tur. Deira nasjonalsong, La Brabançonne, skriv seg frå 1830-talet, sjølv om teksten dei brukar no, ikkje kom til før tretti år seinare. Er det nokon som treng ein nasjonalsong, må det vera Belgia. Landet er som ei skralt samanstifta brosjyre over ting du ikkje tenkjer passar saman.
Dei elleve representantane for belgisk nasjonalkjensla står nærast som ei menneskeleg utgåve av den nemnde katalogen. Dei nøler litt. Nokre syng litt, men på sitt beste, halvhjarta.
Sist i rekka står mannen flest forventar mest av. Den uforlikelege KdB. Kevin med det vanskelege etternamnet. Han står med hardt samansnurpa strekmunn. De Bruyne fokuserer sikkert på arbeidsoppgåvene. Men songen, Kevin, songen ser heilt ut til å ha stilna. Det er noko lagnadstungt over uttrykket. Var det her kampen vart avgjort?
Kjøttbolle-poesi
Sist EM var det Italia som tok tittelen. På veg til toppen, gjorde dei seg bemerka med ein allsong som verkeleg vart trekt opp frå dei djupare lag av respirasjonssystemet.
Det var som om krafta i songen, laga ei legering av laget, fansen og folket på uimotståeleg vis. Men før vi blir altfor poetiske her, er det verdt å minna om at den italienske favoritt-songen frå Euro2020, ‘Ma Quale Dieta’, handlar om noko så kvardagsleg som kjøttbollar.
Sett frå Oxford
Og før det blir altfor svevande, sper eg på med litt Oxford-forsking. Ifølgje postdoktor Jacques Launay, ved verdas prestisjeuniversitet nummer ein, er fremjar ikkje korsong berre helse og lykke. Det er også den aller fremste av sosiale isbrytarar. Song er helsebringande, fellesskapsbyggande og særmenneskeleg.
Song fremjar sosiale band på måtar som motverkar det i tida vår som framandgjer oss, seier Launay. Dette har vi høyrt før. Fullt så kjent er det ikkje at allsong har ein haug med positive bieffektar også for kroppen. Det er smertedempande, hjelper med pusten og løyser opp spenningar. Song forløyser nemleg såkalla β-endorfin, ifølgje forskaren.
Allsong på sitt verste
Verdas verste allsong er dermed ikkje den brølande og øldunstande varianten. Det er heller ikkje den skingrande eller atonalt heseblesande. Sjølv om denne denne byr på ei real prøvingsstund for alle som tappert prøver å leita fram tonen.
Verst er den tause og tilbaketrekte. Den som avmålt let vera å leggja si røyst til i det store koret. Motiva kan vera både høgverdige og medmenneskelege, det kan handla om å skjerma andre for si indre kråke. Her må det arbeidast målretta med frimotet.
For den verste allsongen ikkje den tonedøvt punkterer poesien i annakvar verselinje. Den verste allsongen er den som ikkje stig opp. Den som har stilna i ein taus strekmunn, anten det er no er midt på Frankfurt Arena eller midt i Frikyrkja i Arna.
Allsong vs. alvor 1–0
Kevin De Bruyne, det du kanskje gløymer når du vel strekmunn framfor song, er korleis songen kunne gitt deg to minutt med vektlaust, lækjande fellesskap.
Eg seier ikkje at Belgia hadde vunne kampen denne junikvelden om steinansiktet hadde gitt etter for nokre heilhjarte strofer av La Brabançonne.
Det eg seier er at då Slovakia etter to intense omgangar sto att som usannsynlege sigerherrar, var det som den jublande songen frå minutta før avspark henta oss inn og løfta oss opp.