For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Leder

TILKOMMANDE: Pressa skal følgja maktmenneske som Märtha og Durek tett, men når VG refsar Se og Hør for metodar og framferd, osar det av dobbeltmoral.

VGs doble Durek-manøver

VG refsar Se og Hør for deira Durek-dekning. Internjustis i pressa er viktig, men skal etikken overtyda, trengst meir enn VGs tabloide gradbøying.

Publisert Sist oppdatert

At pressa er for lite sjølvkritisk er ei vel etablert sanning. Den fjerde statsmakt har i mange sine auge ei småsleip rolle. På den eine sida er pressefridom uløyseleg knytt til eit velfungerande demokrati.

På andre sida er det mange som føler at pressa har altfor mykje makt. Kven som «vaktar vaktbikkja», er vanskeleg å få heilt taket på. Pressa sine tilløp til sjølvkritikk og heile vår sjølvdømmeordning kan tolkast som ein kronisk bukken-og-havresekken- situasjon. Og her er vi i kristenpressa i same båt som mange andre.

Ver-varsam-plakatens punkt 1.4 seier at pressa sitt mandat både handlar om å «avdekke kritikkverdige forhold» men også om «å sette et kritisk søkelys på hvordan mediene selv fyller sin samfunnsrolle». Det er to ideal som fort kan koma i konflikt. Del to bør likevel ikkje leggjast bort.

Powered by Labrador CMS