Debatt
Vi ber regjeringa om å snu, gi Kongshaug tilskotet tilbake
Til utdanningsminister Tonje Brenna og utdanningskomiteen
Saka om Kongshaug og tilskotet som vart fjerna sist år i statsbudsjett har rysta friskuleland. Kongshaug Musikkgymnas har i snart 25 år drive ei musikklinje på vidaregåande nivå. Som takk for innsatsen får skulen utan prosess kutta tilskotet på 2,5 millionar i 2023 og 4,5 millionar i 2024.
Som naturlig reaksjon fekk utdanningsministeren møte elevflokken og staben i desember 2023 og sjølv oppleve det unike miljøet på Noregs einaste internatskule med musikklinje. Likevel er signala no at ho vil oppretthalde fjerning av tilskot.
Ordførar i Bjørnafjorden, Trine Lindborg inviterte deg og du kom til skulen. Vi veit ho har vore ein sterk pådrivar for skulen og gjeve deg gode argument for å rette opp i denne feilen.
Andre ordførarar i Arbeidpartiet har og brukt sine kanalar for å påverke deg, men du har tatt ei avgjerd som i våre auge minner meir om ideologi enn økonomi. Skulen er avhengig av dette einetimetilskotet for å drive ei skuledrift i tråd med læreplanen.
Både vi i styret og alle faglærarar ved Kongshaug har ingen forståing for å droppe det kravet. Vi kjenner ikkje til nokon musikklinjer i landet som ikkje praktiserer ein til ein-undervisning på eit fordjupningsinstrument.
All fagleg erfaring tilseier at dette er den beste og anbefalte pedagogiske løysing for å utvikle musikk-talent som vi treng for å oppretthalde eit mangfaldig samfunn. Å fjerne eineundervisning er eit brot på ein kvalitet ved undervisninga våre elevar treng og skal ha, på lik linje med elevar i den offentlege skulen. Det vil etter vårt syn òg gjere det umogeleg å oppfylle nye læreplanar og ny eksamensordning.
For ei regjering som brukar «mangfald» som eit honnørord, bør alarmklokkene ringe når konsekvensen av denne politikken betyr at Kongshaug ikkje kan overleve som musikkgymnas.
Om kuttet til Kongshaug Musikkgymnas vert ståande, vil skulen få 4,3 millionar i redusert statstilskot. Dette utgjer 18 prosent av det totale årlege driftstilskotet.
Det er sjølvsagt dramatisk for skulen og elevane. Styret for Kongshaug ber kunnskapsminister Tonje Brenna og regjeringa om å ta inn igjen einetimetilskotet i neste års budsjett og seie ja til mangfald i alle skuleslag.