Debatt
VIKTIG RELASJON: Vi må ikkje gløyme at vi som er foreldre er uvurderlege for borna våre, skriv Anne Kristine Bruns.
Astrid Dalehaug Norheim
Vi foreldre er uvurderlege for borna våre
Jula som ligg framfor oss gjer at vi har litt meir tid, kan setje ned tempoet, ha lange måltid der vi delar det naturlege livet slik at vi kan både sjå kvarandre og vite at vi er viktige for kvarandre.
«Endeleg får verda litt tid til å puste», seier dottera mi som akkurat kom heim på juleferie.
Fram og tilbake-livet, usikkerheita og fleksibiliteten har vore langt framme i alle sine liv dei siste to åra, og ikkje minst i ungdommane sine liv. Livet har blitt sett på vent, lappen kunne ein ikkje ta når ein ville, juleforestillinga som dei hadde øvd på vart avlyst, idrettsstemner, arrangement og studieturar vart det ikkje noko av, og så var det heimeundervisning og isolasjon.
Sjølv om eg kan kjenne på at denne tida er utfordrande for meg, er det likevel ungdommane eg tenkjer mest på.