Debatt
Vi kan respektere folks følelsar og sjølvoppfatning utan å la sjølve kjønnsomgrepet smuldre opp
Vi treng eit handterleg språk. «Kjønn» må brukast om det som det faktisk er. Vi må bruke andre ord for å beskrive andre fenomen, som til dømes identitet.
Den grunnleggande betydninga og forståinga av kjønn har vore ei felles referanseramme. Å behalde denne er avgjerande for ein meiningsfull offentleg samtale.
Vi kan respektere folks følelsar og sjølvoppfatning utan å la sjølve kjønnsomgrepet smuldre opp. Kjønn er jo akkurat like mykje biologi som før. Mennesket har berre to kjønn, men sjølvopplevd kjønn er eit tema som har fått stadig meir plass.
Somme slit med såkalla kjønnsinkongruens, og føler seg plasserte i feil kropp. Dette er alvorleg og treng oppfølging og behandling.
Vi kan ha både respekt og toleranse for andres identitet og følelsar utan å forkaste vitenskapen kring kjønn. Dessverre er det somme som meiner at ein ikkje kan vera eit godt nok menneske no til dags utan at ein fornektar fakta om kjønn.
Dette kom klart fram då eg nyleg stilte kjendislege Kaveh Rashidi eit spørsmål om temaet kjønn. Eg spurte slik: «Er det eit krav for å bli lege at ein veit at mennesket har to kjønn og at menneske ikkje kan skifte kjønn?»
Forhistoria var at Rashidi i sommar påstod at mange legar har tatt feil om at mennesket har berre to kjønn. Han kom også med ei rekke grovt feilaktige påstandar om meg og mine haldningar.
Eg tar sjølvkritikk på at eg stilte spørsmålet under ei gladnyheit på hans Instagram-konto. Der jubla han over at han skal bli godkjent legespesialist. Eg burde sjølvsagt ha gratulert han.
Men: Legar må kunne diagnostisere og behandle pasientar best mogleg. Dei må vita at mennesket som art har to kjønn, at vi ikkje kan skifte kjønn og at menn ikkje kan føde barn. Dei må også vita at somme kan føle seg som det motsette kjønn eller noko heilt anna, og følgje opp slike pasientar på ein respektfull og god måte.
Legane må vita at mange slike pasientar fell til ro i sin eigen kropp berre dei får tid på seg. Ein bør unngå unødvendige skadelege fysiske inngrep på friske kroppar.
Kjønn hos mennesket, altså biologisk kjønn, er anten-eller.
Unge menneske i ein fortvilt situasjon kan be om behandling som fører til at dei blir beinskjøre og at dei mistar evna til å få orgasme og til å forplante seg. Men nokre år seinare, etter gjennomlevd pubertet, kunne dei med god hjelp heller vorte glade i kroppen sin og vore takknemlege for at dei kan få barn.
Ei omdefinering av kjønn har større konsekvensar enn berre ein rotete debatt. Eit lite døme: Biologiske karar som blir juridiske kvinner kan knuse dei dyktigaste kvinnene på idrettsbanen på grunn av den mannlege fysikken dei reint faktisk har og alltid vil ha.
Vi bør slå fast at kjønnsbaserte rettar i all hovudsak bør vera knytt til ditt biologiske kjønn, ikkje di kjønnsoppfatning. Vi kan sjølvsagt finne praktiske løysingar der det er mogleg og fornuftig.
Professor i evolusjonsbiologi ved UiO, Glenn-Peter Sætre, stadfestar at mine faktaytringar om kjønn er korrekte. Han korrigerer samtidig Rashidi sine. Det at eg oppfattar kjønn på ein korrekt måte, gjer meg ikkje intolerant, hatefull eller håplaus, som somme påstår.
Kjønn hos mennesket, altså biologisk kjønn, er anten-eller. Men personlegheit, følelsar og identitet kring kjønn har sjølvsagt glidande overgangar. Det er ikkje ei krigserklæring mot dette siste om ein held fast på den eigentlege definisjonen av kjønn. Vi må rydde opp i språket og diskutere på ein sannferdig måte.