Debatt
INGEN SATSING: Mønsteret er klart. Kristi himmelfartsdag er ingen dag å satse på i store delar av den kyrkjelege sektor, skriv Rolf Kjøde.
Adobe Stock
Vi treng å styrke bodskapen frå Kristi himmelfart
Vi må reflektere over Kristi himmelfarts dag, eller helgetorsdag, som den også kan kallast. For ein generasjon sidan hang det framleis igjen ein del av tradisjonen med at dette var ein dag i kyrkje og bedehus for markering av verdsmisjonen.
Då vi var med i Storsalen i Oslo så seint som 2002-2013 hadde Misjonsalliansen klippekort der på sitt stemne Kristi himmelfarts dag, slik dei hadde hatt det lenge før Santalmisjonen og Indremisjonen blei eitt i Normisjon.
Himmelfartsdagen var til liks med Dei heilage tre kongars dag rundt 6.januar (særleg for NMS) dagar for stemne, definert som minst to møte med måltid mellom, og oppslutning av folk frå eit større omland.