NÆRVÆR: I staden for å spissformulere seg mot skole og helsestell kunne Haaland (bildet) heller sjå kva mulighet som ligg i å styrke det kristne nærveret i skolen, skriv Rolf Kjøde. Halldis Bjerkvik Voll
Byline stor
Vi treng fleire kristne lærarar
Born og unge treng kristne som ser på undervisning av nye generasjonar som eit gudgitt kall. Derfor trengs både Hauge School of Management og ei god lærarutdanning.
Når Hermund Haaland hevdar at det er altfor mange kristne lærarar og for få sosiale entreprenørar (Dagen 20.oktober), kjem han i skade for å sette opp mot kvarandre det som høyrer saman. Det er riktig å halde fram dei samfunnsforvandlande trekka ved Hans Nielsen Hauge og den rørsla som kom etter han.
LES INNLEGGET: – Det er ikke så farlig å tjene mye penger
Den åndelege vekkinga og folkelege reisninga gjekk hand i hand og førte til endringar både kulturelt, politisk og i næringslivet. I botnen for dette låg den store endringa i det hundreåret Hauge blei fødd, innføringa av «allmueskolen», starten på dagens grunnskole. Utan den er det vanskeleg å sjå for seg heile Hauges virke. I staden for å spissformulere seg mot skole og helsestell – to område der kyrkja faktisk var samfunnets entreprenør – kunne Haaland heller sjå kva mulighet som ligg i å styrke det kristne nærveret i skolen. Vi har altfor få kristne lærarar.