Vi vaksne må tørre å stille spørsmål til dei unge
Når smitten er høg og strenge smitteverntiltak vert sett i verk er det grunn til å ta på alvor konsekvensane dette måtte ha for barn og unge, og særleg dei som er i sårbare situasjonar.
«Kan de ikkje slutte med å fortelje oss om alt vi går glipp av, vi veit det», jenta er russ i år, og klare på ein prisverdig måte å tilpasse seg den situasjonen vi står midt oppi alle saman.
Vi håpa alle på ein langt meir positiv start på 2021, men smittesituasjonen er framleis alvorleg. Når smitten er høg og strenge smitteverntiltak vert sett i verk er det grunn til å ta på alvor konsekvensane dette måtte ha for barn og unge, og særleg dei som er i sårbare situasjonar.
Å samle mange folk, spontant og planlagt, leve livet her og no er viktigare for ungdomar enn for oss som er godt vaksne og dagar og år ikkje byd på dei store endringane.
I fleire media har ungdommane sin situasjon fått merksemd. Det treng dei, for det er ikkje lett for mange.
Ein ungdom uttrykte nyleg frustrert: «Eg orke ikkje tenke så langt fram, eg blir heilt forvirra når dei på skulen seie at eg må tenke 10 år fram, det gjer meg berre meir usikker og forvirra. Eg veit ikkje kva eg skal gjere med livet mitt.» Så braut ho ut i gråt!
Denne reaksjonen hadde ikkje kome om ho ikkje fekk spørsmålet og det vart klart kor viktig det er å stille spørsmål om korleis det går. Det er faktisk eit ansvar vi som vaksne har, at vi både ser og etterspør korleis livet er.
Vi som er nær og tett på ungdom treng denne påminninga nettopp fordi det ikkje er så lett å spørje, men ungdommane treng oss og treng at vi forstår kor utfordrande det faktisk er å vere ungdom nettopp i denne tida.
Einsemda og isolasjonen tære på oss alle, men å kjenne seg utanfor samfunnet og utanfor arbeidslivet gjer noko med ein over lengre tid slik Mari Rege understreka i Aftenbladet 25/2-21.
KrF har ei klar prioritering av barn og unge. Vi vil aldri kunne kompensere for ein manglande kvardag for desse.
Men tiltaka som regjeringa kontinuerlig set i verk viser at vi gjer det vi kan. Mellom anna må vi sørgje for at færre møter ein telefonsvarar når dei ringe for hjelp.
Mental Helse Hjelpetelefon melder om at dei ikkje har sjanse til å svare alle som tar kontakt.
I 2020 klarte dei å sikre ein svarprosent på 48 prosent – same år som de har hatt rundt 8000 fleire dialogar som omfattar tema som sjølvmordstankar og sjølvmordshandlingar. Og dei som tek kontakt er også stadig yngre.
Dette er urovekkande og her må vi alle bidra. Korleis kan vi alle vere denne stemma og den personen dei unge kan kontakte? Vi må gjere oss tilgjengeleg og spørjande.
Vi er derfor glad regjeringa vidareførar det auka tilskotet på åtte millionar kroner til Alarmtelefon for barn og unge for å oppretthalde ein døgnopen telefon og chatløysing. Det er eitt av fleire tiltak regjeringa no gjer for å hjelpe barn og unge.
I budsjettet for i år er det også lagt til 170 millionar kroner til Opptrappingsplan for barn og unges psykiske helse og 100 millionar kroner til habilitering og avlasting for personar som har nedsett funksjonsevne.
Det skal altså ikkje stå på pengar eller vilje. Desse investeringane vil ha stor innverknad for barn og unge si psykiske helse og hjelpe menneske som oppleve eit ekstra stort trykk under pandemien. Det vil føre til at færre møter ein telefonsvarar når dei treng nokon å snakke med. At chattetelefonane er opne fleire timar i døgnet.
Vi er glad for at KrF i regjering akkurat no prioriterer barn og unges psykiske helse. Å unngå å ramme ungdom under ein pandemi er umogleg. Men vi må sikre at psykisk helse og einsemd aldri blir vår nye pandemi.