For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

TIDA GÅR: Vi står overfor ei stor utfordring når det gjeld tidsbruk og merksemd overfor dei vi er saman med, skriv Anne Kristin Bruns.

Vil du vera den «kjipe forelderen» som tør?

Det er lett å gje opp og ikkje orke å vere den forelderen som held igjen på aldersgrenser og barnas tidsbruk på sosiale medier.

Publisert Sist oppdatert

Eg kjenner enno kjensla i magen. Den var ikkje god. Eg hadde bestemt meg for å setje grenser for mine born om at dei ikkje fekk vere på sosiale medier før dei var 13 år, og at dei ikkje fekk spele spel med aldersgrense som dei var for unge til. Kva gjer eg med barnet mitt? Blir det utanfor? Korleis skal eg klare å stå imot presset?

Eg klarte det med ulikt hell, og har kjent på opplevinga av å mislukkast nettopp her. Eg var ikkje tøff nok. Og nå, ti år seinare, ser vi kva dramatiske konsekvensar vår manglande bevisstheit har fått for samfunnet.

Jammen skal du som forelder vere tøff når du skal stå opp og argumentere om grenser og rutinar for korleis bruke smarttelefon, speling på nettet og sosiale medier generelt. Vi veit at vi har ei aldersgrense, og vi veit at det er grunnar for at ein skal halde den, men når det er eit stort press, er det lett å gje opp og ikkje orke å vere den «kjipe forelderen» som held igjen på nettopp aldersgrense og tidsbruk.

Powered by Labrador CMS