| Meninger
Vil ei to-statsløysing føra til fred?
OSLO: Palestinsk statsminister Muhammed Mustafa og utenriksminister Espen Barth Eide under eit møte i Den globale alliansen for implementeringen av tostatsløsningen i Oslo rådhus onsdag.
Foto: Heiko Junge / NTB
Norske styremakter, ved utanriksminister Espen Barth Eide og statsminister Jonas Gahr Støre, inviterte ei rekkje land til eit møte i Oslo om ei to-statsløysing mellom Israel og palestinarane. Møtet vart gjennomført onsdag 15. januar.
Det vert hevda at ei slik løysing vil føra til fred i Midt-Austen. Det er uforståeleg at folk som har arbeidd med Midtausten-politikk i mange år, kan ha tru på ei to-statsløysing. Hamas er ikkje nedkjempa i Gaza, og dei har støttespelarar på Vestbreidden. Den palestinske administrasjonen og Hamas har same målet: Israel må vekk. Alt land «mellom elva og havet» er palestinsk.
Det beste som kan seiast om initiativet til utanriksministeren og statsministeren, er at dei veit ikkje kva dei gjer. Viss dei veit kva dei gjer, så er det vondskap mot Israel. Ein palestinsk stat kan verta eit våpenarsenal i ein ny krig mot Israel, som er verre ein dei som har vore til no.