For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

| Debatt

Vis nåde, Kristeleg Folkeparti

KONFLIKT: KrF det til valkampstrategi å fyra opp ein konflikt mot utsette grupper, mener Alexander Papas.
Publisert Sist oppdatert

Medan den amerikanske biskopen Mariann Budde, ber president Trump om å visa nåde mot skeive som fryktar for liva sine, vel KrF her heime å retta skyts mot transpersonar. Det er urovekkjande og trist at KrF skyv «barna sitt beste» framfor seg i ein giftig og oppkonstruert kjønnsdebatt. Som sjølv oppvaksen i eit kristent miljø, der trua rettnok har falle frå, er det heldigvis noko som står att: Nestekjærleik og nåde.

Transpersonar i Noreg har langt dårlegare levekår enn andre. Derfor er det heilt sjølvsagt at politikarane skal diskutera korleis desse menneska kan leva gode og meiningsfulle liv. Det krev kritiske spørsmål, men òg respekt. Nettopp derfor er det så synd at KrF, i eit forsøk på å vera kritiske, er fordomsfulle og nedlatande i møte med ei sårbar gruppe menneske. Det kler ikkje partiet som ber fana høgt for nestekjærleik og menneskeverd.

Ingen er usamde med KrF i at undervisinga i skulen skal vera kunnskapsbasert eller at kjønn handlar om biologi. Kjønn handlar om biologiske, men også sosiale og kulturelle høve. Det handlar om noko av det viktigaste for oss alle: identiteten vår. Å redusera kjønn og undervising om kjønn til berre å handla om biologi, er ikkje berre utdatert, men også ekskluderande og skadeleg for barna våre.

Powered by Labrador CMS