Debatt
NATO: Paven sin brannfakkel mot NATO var difor heilt på sin plass, skriv Vidar Sætre.
Ciro Fusco / AP / NTB
Viss Jesus var forsvarsminister
29/3 får paven kritikk på leiarplass for sin omtale av NATO-opprusting som «galskap». For redaktøren meiner Putin med sin vondskap treng ei avskrekkande motmakt, der han i lys av Rom 13 om styresmakta sin rett til å bera sverd/våpen, meiner NATO har rett til å utøva ei våpen-motmakt mot Russland.
Men redaktøren bommar stort.
For rette globale styresmakt er FN, ikkje NATO. Stormakter som Russland, Kina og USA/NATO ønskjer global makt mellom anna med sterke hærar og våpen, og NATO-land sine militæroperasjonar utanfor eigne område (Vietnam, Kosovo, Irak, Libya og Afghanistan) fortel meg at NATO med USA i spissen har slik sett på seg sjølv som verdspoliti med moralsk rett til å bruka våpen for å forsvara sine verdiar og interesser.