Minneord
DAGEN: Kanskje hadde ikke Dagen overlevd 1980-årene hadde det ikke vært for daværende nyhetsredaktør Audun Mosevoll. På bildet ser vi Mosevoll ved siden av bysten av avisens første redaktør, Johannes Lavik.
Audun Mosevoll (1947–2022)
Det var med vemod og sorg me tok imot melding om at Audun Mosevoll sovna stille inn på Haraldsplass Diakonale Sykehus Kristi Himmelfartsdag, 26. mai. Det kom ikkje heilt uventa ettersom Audun i lang tid hadde kjempa tappert mot kreftsjukdom og følgjer av denne vonde sjukdomen. Og likevel var det ei trist og vemodig melding å få.
Audun vaks opp i Eidsvåg i Åsane og allereide som sjuåring gav han ut si første avis. Retninga for Audun sitt yrkesval ser ut til å vera lagd allerede her. Som ungdom vart Audun elev ved Framnes Folkehøgskule, og her møtte han Elisabeth f. Bjordal Strand som seinare vart hans ektefelle, nære ven og medvandrar i gode og vonde dagar.
Dei har i dag fire vaksne barn med ektefeller, og heile 13 barnebarn som Audun var svært stolt over og oppteken av.