For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Christen Øygard til minne

Publisert Sist oppdatert

Christen Øygard har gått bort i ein alder av 91 år. Han blei gravlagt frå Time kyrkje 18. august, og vil bli hugsa som ein særmerkt urmaker, omsorgsfull familiefar og ein trufast medarbeider i kristenflokken på Bryne.

Christen vaks opp i Hellandsbygd i Sauda. Far Bertil kom frå Jølster og mor Thea var frå Sauda. Dei fekk fire gutar som alle tok seg vel fram. Christen var evnerik med stort pågangsmot, men hadde vanskar med å lesa - og var dessutan venstrehendt. Alt som gutunge hadde han sansen for urverk, og skrudde frå einannan ei vekkjarklokke, men skrudde den saman igjen heilt feilfritt. «Far lærte gjennom fingrane», sa sonen Bjarte under minnemøtet.

Det var ein trygg og god kristen atmosfære i heimen i Sauda. Og etter eit mogningsår på Framnes Ungdomsskule, byrja han som urmakerlærling i Haugesund. Der fekk han utfordringar som høvde for hans talent. Dessutan blei han dregen med i Søndagsskulen, for han lika seg i møte med barn og var flink å fortelja. Men det store var at han traff ei vakker jærjente der, sjukepleiaren Bertine Aarsland. Det blei hans store kjærleik, og dei gifta seg i 1954. Dei fekk fire barn saman, Tove, Turid, Bjarte og Berit. Dei fekk veksa opp i ein trygg heim, med liv og engasjement.

Powered by Labrador CMS