Minneord
Johannes H. Fosse til minne
Så har gode Johannes fått lagt ned vandringsstaven, nær 97 år gammal. Me er mange som kjenner på takk for alt han har vore for oss – på så mange område – gjennom eit langt og innhaldsrikt liv. Johannes var ein bauta – med glimt i auga! Så livsglad, kunnskapsrik, omsorgsfull, allsidig, interessert og engasjert i alt samfunnsgagnleg arbeid, og med den hukommelsen!
For oss i Meland var han «vår», sjølv om engasjementa hans rakk langt utover kommunegrensene. Han var ordførar i Meland i nesten 12 år, vald inn for KrF, og samarbeid var nøkkelord i alt, både i Nordhordland og elles. Johannes var i dobbel forstand ein brubyggjar. Han visste at all utbygging av infrastruktur treng samarbeid, anten det er snakk om samferdsel, elektrisitet eller vassforsyning, og det synte han i praksis gjennom sin innsats på alle desse områda.
I smia og på talarstolen, i songkor og med vener i Rotary, på golfbana, i møte med styresmakter og på seniortreff, saman med familien som han var så glad i, på tur i inn- og utland – overalt var han like heilhjarta til stades og viste at nettopp dette betydde mykje for han.