GUDS HJARTA: På DTSen kan ein velje for eksempel dans, kunst, foto og film. Ein del av visjonen deira er å utruste unge til å bere talentet sitt, utvide det kunstnariske vokabularet sitt og uttrykke Guds hjarta gjennom kreativitet. Her ser vi ei av DTS-studentane i aksjon.
Foto: UIO Ålesund
Kjende seg kalla til å lage skule for kunstnarar
500 studentar har gått på disippeltreningsskulen som ekteparet Ragnhild og Jan Huse starta.
Tårene kjem då Ragnhild Huse skal fortelje om kva disippeltreningsskulen (DTS) har fått bety for livet hennar og mannen Jan.
– Det har vore heile livet vårt. Det er meir enn livsstil enn ein jobb, og det kan tidvis kjennest som å ha ein ekstra stor familie, seier Huse.
Fredag kunne ho samle over hundre tidlegare og nye studentar til feiring av 20 års jubileum i Ålesund bedehus sine lokalar som Ungdom i Oppdrag leiger.