Minneord
Minneord Gerd Aas 14.01.1931–28.11.2022
Fredag 2. desember skein ei kald vintersol over kyrkjegarden ved Vestnes kyrkje da Gerd Aas fekk sin siste kvilestad her på jord. Ljoset over gravstaden samstemmer med Jesu ord; «Den som trur på meg skal leva om han så døyr.» Eit langt liv i tru og teneste er over, men gudsordet står fast.
Gerd Aas vart fødd 14. januar 1931 og vaks opp i Aasbygda på Vestnes saman med foreldra, ein bror og ei søster. Mora var frå Hitra og der var Gerd mange gonger i barndomen, og ho fortalde ofte om bestemor og den fine plassen der Gerd seinare fekk sin feriestad.
Gerd gjekk eit år på Vestborg handelskule og seinare eit år på Fjellhaug bibelskule.