SAMARBEID: Når distriktspolitikken blir lagt på vektskåla for kvar KrF skal samarbeide, så vippar ho tungt i retning Sp og Ap, skriv Trude Brosvik.

KrF-vegval med distriktsbriller

Når distriktspolitikken blir lagt på vektskåla for kvar KrF skal samarbeide, så vippar ho tungt i retning Sp og Ap.

Publisert Sist oppdatert

For mange av oss som støttar KrF er distriktspolitikk ei viktig sak. Derfor vil den også vere viktig for kvar vi hamnar i KrF sitt vegval. Denne saka er kanskje meir langs den vanlege høgre-venstre-aksen enn mange av KrF sine hjertesaker, sjølv om også omsynet til å bygge og bu i distrikta for mange er ei «hjertesak». Det er i alle fall det for underteikna.

Viss vi ser på typiske «distrikts-saker» i regjeringa sin politikk og seinast i budsjettframlegget, så er ikkje det veldig inspirerande. Det er store kutt til fylkene sine midlar til utviklingspolitikk. For Sogn og Fjordane er kuttet på 14,8 mill og for Hordaland; 21,5 mill. Samla har desse fylka tapt regionale utviklingsmidlar på om lag 100 mill (årsverknad pr 2019) sidan 2013.

Det er alvorleg! For desse midlane er for eksempel det fylka brukar for at alle skal få breidband og mobildekning. Altså grunnleggande infrastruktur i vår tid, som storsamfunnet ikkje vil ta heile ansvaret for. Det er dette ein brukar i samarbeid med næringslivet for tilrettelegging for å skape nye arbeidsplassar, forsking og utvikling. Når dette blir sett i samanheng med at dei nye fylka si viktigaste oppgåve skal vere regional utvikling, så blir det ekstra gale. I tillegg kuttar ein fleire millionar i midlane til regionale forskingsfond. Sogn og Fjordane har også, gjennom inntektssystemet og trass i tapskompensasjonen KrF har kjempa inn, tapt ca 200 mill i årsverknad pr 2019. Det er pengar som skulle gått til fylkesvegar og skular ma.

Tore Storehaug, stortingsrepr for KrF, peikar i Firda på at regjeringa ikkje vil gjere noko med utjamning av nettleiga. Tvert om skriv dei at det er viktig å syte for misnøgde straumkundar, for det vil gjere at nettselskapa vert tvinga til å slå seg saman. Dette er heilt utruleg frå parti som likar å kalle seg næringsvenlege. Det kan gjere at arbeidsplassar på vestlandet vil flytte til austlandet, fordi krafta er billegare der, endå ho er produsert her hos oss. Ein er opptekne av skattekutt, fordi vi elles ikkje konkurrerer på like vilkår med utlandet, men når det kjem til kraft er det viss heilt greitt?

Vi ser også at Stadt Skipstunnell er teken ut av budsjettet, sjølv om han ligg i NTP. Grunnen er at han ser ut til å bli dyrare enn berekna. Trønderbana lir visst same skjebne. Men togsatsinga på austlandet går vidare i same tempo, sjølv om akkurat det same har skjedd der; den har blitt dyrare enn tidlegare berekna. Dette syner eit mønster på liten vilje til satsing i distrikta.

Når det gjeld landbrukspolitikken ser vi ein sterk vilje til å sentralisere og satse på større bruk. Det gjer at vestlandslandbruket strevar i motbakke. Så kan ein seie at det ikkje er blitt så ille som det såg ut til. Det, kjære lesar, kan du takke KrF for! Landbruksmeldinga, som regjeringa la fram, hadde raskt rasert landbruket i våre bygder.

Dette er nokre moment, og lista er ikkje uttømmande, som det heiter. Men retninga er klar; marknaden skal bestemme meir. Det pleier ikkje vere godt nytt for utsette distriktsnæringar.

Når distriktspolitikken blir lagt på vektskåla for kvar KrF skal samarbeide, så vippar ho tungt i retning Sp og Ap.

Powered by Labrador CMS