NYOMSETJING: Hans-Olav Mørk i Bibelskeskapet meiner apokryfane er ein viktig del av norsk bibeltradisjon, sjølv om desse bøkene mykje har vore gløymde i eit par generasjonar.
Stein Gudvangen, KPK
12 bøker frå Bibelen for første gong utgjevne på nynorsk
Tidlegare har dei apokryfe bøkene frå Det gamle testamentet berre vore omsett til bokmål. No er ei ny omsetjing tilgjengeleg på båe målformene.
Katolikkar og ortodokse kristne held dei for å vere heilage på line med dei bøkene protestantar reknar med som ein del av den bibelske kanon. Martin Luther såg på apokryfane som oppbyggjelege og nyttige, men meinte ikkje dei hadde same autoritet som bibelbøkene elles.
Etter eit hundreår der apokryfane i stor grad har vore i eit skuggeland, gir no Bibelselskapet ut dei tolv gamaltestamentlege apokryfe bøkene på nytt, i eit eige bind og i oppfriska moderne språkdrakt på begge målformer. «Apokryfane» har fått «over»tittelen «Dei deuterokanoniske bøkene i Bibelen», ein konsesjon til det katolske synet og ei understreking av at Bibelselskapet er eit økumenisk prosjekt.
«Taust tomrom»