LIBERAL UTVIKLING: Statsminister Justin Trudeau og regjeringa hans vil opne for eutanasi ut frå reint mentale tilstandar.

13-dobling av dødshjelp i Canada på sju år

4,1 prosent av alle canadiske dødsfall skjedde med legehjelp i fjor.

Publisert Sist oppdatert

Totalt var det 13.241 tilfelle av medisinsk assisterte dødsfall i Canada i 2022, ifølgje årsrapporten frå canadiske helsestyresmakter.

Det er ein auke på 31 prosent frå 2021.Og veksten held dermed tritt med den ein har sett sidan 2019, ifølgje National Post.

Stolt helseminister

Canada legaliserte dødshjelp i 2016. Til saman er det nesten 45.000 menneske som har avslutta livet på denne måten sidan det vart lovleg. Det årlege talet er blitt 13 gonger så høgt sidan starten.

Helseminister Mark Holland seier at han er stolt av å leggje fram rapporten. Han understrekar at eutanasi er ei kompleks og djupt personleg sak.

– Regjeringa i Canada er forplikta på å sikre at lovene våre avspeglar behova til canadadiske borgarar, vernar dei som kan vere sårbare og hegnar om autonomien og valfridomen deira, uttalar Holland i årsrapporten.

Skal hindre ytre press

Kritikarar meiner tala viser at lovgivinga er blitt for liberal.

Retningslinjene seier at dei som skal få innvilga dødshjelp, må ha ein alvorleg tilstand utan håp om betring, må ytre eit frivillig ønske om dødshjelp som ikkje er resultat av ytre press eller påverknad, og må gi eit informert samtykke om å motta medisinsk hjelp til å avslutte livet.

Mot slutten av fjoråret vart ordninga kritisert fordi somme menneske angiveleg valde denne løysinga på grunn av fattigdom eller mangel på helsetenester, skriv unherd.com.

«Dødskultur»

Grunnlaget for å innvilge dødshjelp er blitt utvida sidan starten. I mars neste år skal det bli opna for dei som berre lid av mental sjukdom.

Forkjemparane meiner dette vil vere eit viktig signal om at ein tek inn over seg kor store mentale lidingar kan vere. Konservative politikarar har derimot hevda at dette fremjer ein «dødskultur».

– Dei som lir av mentale forstyrringar, inkludert depresjon, fortener mental og sosial omsorg og rådgiving, seier den konservative politikaren Ed Fast.

Han har fremja eit forslag om å stoppe utvidinga, men dette har ikkje fått fleirtal.

Den konservative leiaren Pierre Poilievre har støtta forslaget. Han lova å trekkje tilbake psykiske tilstandar som grunnlag for å gi dødshjelp dersom han vert statsminister.

Powered by Labrador CMS