OMVELDELSE: John Newton hadde en personlig omvendelseserfaring etter at han overlevde et forlis utenfor Brasil.

250 år sidan tidlegare skipper på slaveskip skreiv verdas mest kjende salme

Songen har seinare inspirert musikalske stjerner som Elvis Presley og Aretha Franklin.

Publisert Sist oppdatert

Denne månaden er det 250 år sidan «Amazing Grace» vart framført første gongen. Det skjedde 1. januar 1773 i den vesle byen Olney, som ligg nord for London, mellom Oxford og Cambridge.

Her enda John Newton (1725–1807) opp som anglikansk prest. Tidlegare i livet hadde han vore kaptein på eit skip som frakta slavar frå Afrika til Vest-India.

I mars 1748 var han på eit skip som vart råka av ein alvorleg storm utanfor kysten av Brasil. Seinare såg han dette som starten på vegen tilbake til kristen tru.

– Skipet fall nesten frå kvarandre, og nokre menneske omkom. Men han vart redda og hadde eit religiøst gjennombrot. Den kristne trua hans begynte å kome tilbake, seier Tim German ved Cowper and Newton Museum i Olney til BBC.

Kjempa mot slaveriet

Erkjenninga hans av at det var gale å vere involvert i slavehandelen, kom ikkje like tidleg. I 1788 publiserte han ein pamflett om dette der han bad om orsaking.

Newton vart ein viktig pådrivar for å få slutt på slavehandelen. Dette skjedde først gjennom eit vedtak i Parlamentet i 1807. Den kristne politikaren William Wilberforce stod i spissen for denne seige kampen.

I utgangspunktet var det svært få som såg noko problem med slavehandelen.

– Folk visste at det føregjekk, men visste ikkje om alle detaljane. Faktisk trudde mange at dei berga afrikanarar, redda dei og gjorde godt. Kyrkjer spelte ei viktig rolle i starten for å endre oppfatningar og få folk til å sjå kva som skjedde for augo på dei på ein ny måte, seier historikar Sean Lang ved Anglia Ruskin University til BBC.

Han meiner det er grunn til å beundre Newton fordi han var så uthaldande.

Finst på mange språk

Salmen er blitt innspelt over 3.000 gonger, ifølgje ein oversikt frå amerikanske Library of Congress. Aretha Franklin, Elvis Presley, Susan Boyle og Johnny Cash er nokre av dei som har gått i studio med songen.

Framleis vert songen brukt i mange land, både i original og omsett utgåve. På norsk finst han både på nynorsk som «Å, nåde underfull og stor» og på bokmål som «Kom, kom og hør et nådens ord».

I Norsk Salmebok frå 2013 er også den engelske originalversjonen med.

Melodien kom seinare

Den amerikanske musikkjournalisten Steve Turner har skrive boka «Amazing Grace: The Story of America's Most Beloved Song». Han viser til formuleringane « "I was lost and now I'm found, I was blind and now I see» for å forklare kvifor songen er blitt så populær.

– Eg meiner, det er ei erfaring som dei fleste menneske kan relatere til, seier Turner til CBS.

Melodien som i dag er rekna som det sjølvsagde tonefølgjet til teksten, er berre ein av 20 som er blitt brukt. Denne er er ein amerikansk tradisjonsmelodi og vart kopla til songen i USA på første halvdelen av 1800-talet.

Viktig for svarte

I USA spelte songen også ei viktig rolle under borgarretsskampen på 1960-talet.

Den anglikanske biskopen av Dover, Rose Hudson-Wilkin, er sjølv farga og talte under ei markering for jubileet til songen. Ho seier til BBC at det er «ein ikonisk salme for svarte menneske».

Powered by Labrador CMS