50.000 marsjerte mot abort i Polen
Forslag frå regjeringa om å liberalisere abortlova møter motstand, særleg frå Den katolske kyrkja.
Søndag deltok opp mot 50.000 menneske i «Nasjonal marsj for livet» i den polske hovudstaden Warszawa, melder Catholic News Agency.
Det skjedde samtidig som parlamentet i Polen vurderer å liberalisere abortlova. Sidan 2020 har det vore bortimot totalforbod mot abort i landet. Det skjedde etter ei domsavgjerd som utløyste protestar både nasjonalt og internasjonalt.
«Lenge leve Polen»
Dei som arrangerte Ja til livet-marsjen, meiner på si side at kampen står om den universelle retten til liv og den over tusen år lange arven til Polen som eit kristent land.
Slagordet for arrangementet var «Lenge leve Polen».
Mellom støttespelarane var Den polske katolske bispekonferansen. Dei oppmoda til bøn for det ufødde livet i alle kyrkjesokn.
Usemje om grense
Den polske regjeringa ønskjer å liberalisere abortlova, men det er ikkje opplagt kva grense det vil vere fleirtal for. Statsminister Donald Tusk ønskjer ei grense på tolv veker, som gjeld i fleire vesteuropeiske land, til dømes Noreg. Men sentrum-høgre-partiet Den tredje vegen vil tilbake til lova som galdt til 2020, ifølgje CNN.
Då var abort tillate ved valdtekt og incest, alvorleg skade på fosteret og ved fare for livet til mora.
Fire forslag vart handsama i parlamentet på fredag, men det ventar ein lang prosess før utfallet er klart. Det mest liberale forslaget er venta å verte stansa med veto av den konservative katolske presidenten Andrzjej Duda.
Meir liberal befolkning
Parlamentspresident Szymon Holownia har føreslått å halde folkerøysting om saka. Dersom det vert fleirtal for å lette restriksjonane på abort, vil det auke presset på Duda, skriv CBS.
Eit fleirtal av polakkane er meir liberalt innstilte enn dagens lovgiving, ifølgje meiningsmålingar utførte av Ipsos.
Nesten sju av ti kvinner og seks av ti menn meinte i 2023 at abort bør vere tillate i alle eller dei fleste tilfelle.