UTE: – Når eg går tur og ser ein fin mann eller dame på rundt 50 år, tenkjer eg: Det kunne ha vore mitt barn, seier kvinna.

50 år etter aborten sørger ho framleis

– Eg bar på ei sorg som var så tung at eg ville kvelast i blant, seier den 75 år gamle kvinna.

Publisert Sist oppdatert

I slutten av mai sat ei 75 år gamal kvinne og såg på nyhetene. Der vart det feira med jubel at abortlova var 40 år. Då bestemte ho seg: Nokon må fortelje den andre historia og gje stemme til kvinnene som har teke abort.

Nokre veker seinare sit ho ved spisebordet i leiligheten og fortel om den mørke hausten i 1968.

Ho har diska opp med høge, heimelaga smørbrød, kaffi, jordbær og blåbær på hekleduk. Ho er effektiviteten sjølv. Ho hentar ei lita mugge og heller mjølk til kaffien oppi, tenner lysa på bordet for å gjere det ekstra hyggjeleg. Ute skin sola frå blå sommarhimmel. Ho ler og pratar når ho snakkar om kvardagen og ferieturar ho har vore på.

Men når ho fortel om kva som skjedde den sommaren for 50 år sidan og korleis det har prega livet hennar, legg ho hovudet i hendene. Stirer i hekleduken. Ser ut på den blå himmelen medan ho leiter etter orda.

Men no vil ho finne dei og fortelje.

VARTER OPP: Sommarbær og tente lys. Kvinna disker effektivt opp.

Gravid

Året er 1968. Ein stad på Vestlandet er ho ei 25-årig sjukepleiar som sommarleg forelskar i ein legestudent. Då sommaren er over, er ho gravid.

Dei to tek ut lysing for å gifte seg, men det er halvhjarta og bryllupsplanlegginga kjem ikkje i gong før det blir avlyst.

Men 25-åringen veit ein ting: Barnet i magen vil ho ha.

På denne tida er abort forbode i Noreg. Kvinner som søkjer abort, må møte ei nemnd, som avgjer om dei skal få innvilga søknaden.

Ho er fast bestemt på å behalde barnet. Ho er vaksen, har utdanning, faktisk hadde ho gått ut av studiet som ein av dei beste i sitt kull i landet. Ho er glad og forventningsfull.

På fritida går ho til byen og kjøper små babyplagg som ho legg under hovudputa si medan ho kviskrar «Ingen skal få ta deg ifrå meg».

TRØYST: Ein liten statue av ei ung kvinne har fått ein sentral plassering i stova. – Det er meg, seier ho.

Åleine

Ingen deler gleda hennar. Ho har forventningar til barnefarens familie, for faren hans er med i ei aksjonsgruppe mot abort. Men, nei. Ho får aldri snakka med han, men mor hans gjer det klart at ho må tenkje på utdanninga og karrieren til sonen, legestudenten. «Det er noe som heter abort», seier ho.

Ei heller inne mellom dei kvite veggane på avdelinga på jobb er det støtte å hente. «Du må skjønne at du kjem til å bli sosialklient», seier overlegen då han får vite at ho er gravid. «Du som har så god utdanning. Du er den flinkaste sjukepleiaren på avdelinga. Skal du øydeleggje livet ditt med dette? Kanskje må du også gje frå deg barnet ditt.»

«Eg kan ikkje tenkje meg å ta det vekk», svarer ho.

Uroleg for den unge sjukepleiaren tek overlegen henne heim til huset sitt og gjev henne eit rom på loftet.

Ein dag kjem søstera hennar og mannen til overlegens hus.

Søstera har fortalt at ho berre sat i eit hjørne av rommet, utan å seie noko. Det var overlegen, husverten, som snakka.

Det var først i år, femti år seinare, at kvinna fekk vite at søstera hadde vore på besøk. Søstera har fortalt at ho ville ta henne heim til seg. At ho ville tilby henne og barnet å bu hos dei, så kunne ho passe barnet medan søstera gjekk på jobb som sjukepleiar. Men den bodskapen nådde ikkje den fortvilte, gravide kvinna.

– Alt er ordna

Ein morgon kjem overlegen og fortel at dei skal reise til ein annan by. Alt er ordna. Han har avtalt abort med legekollegaene.

Ho er 12-13 veker på veg. I hovudet ser ho bilete av ein liten kropp med armer og bein. Ho hadde ikkje sjølv vore med og utført abort, men ho hadde sett små foster som var skrapte ut.

«Eg må snakke med ei nemnd», seier ho og håper at dei vil setje foten ned.

Ingen behov for nemnd. Alt er ordna, forsikrar overlegen henne om.

Med det forsvinn det siste håpet om å få behalde barnet.

LIVET: I vinterhagen står eit visdomsord som ein ven har ramma inn.

«På galeien»

Frå sjukehuset hugsar ho berre små glimt. Legen som seier «Her er det ei som har vore på galeien». Sjukepleiaren som står over henne etter aborten og seier «mordar».

Så er det svart. Ho hugsar ikkje korleis ho kjem seg heim frå sjukehuset, men veit at ho reiser heim til søstera og bur der ei tid. Alt er mørkt.

Men det er inni.

Utanpå er ho den vellukka og effektive sjukepleiaren. På jobb får ho vere med på legemøte og utføre oppgåver på visitten som elles berre legane gjer. Det er overlegen som gjev henne ansvar og utfordrande oppgåver.

Den mørke hausten

Åra går. Ho fordømmer seg sjølv.

– Eg tenkte: Korleis skal eg klare å sone dette?

Ho tek ein lang pause.

– Eg måtte gløyme meg sjølv og bli flink. Gjere alt eg kunne for å gjere rett og skjel for meg. Eg kravde ingenting av andre.

Ho fekk leiarjobbar. Leste om seg sjølv i avisa, var på nyhetene for måten ho utførte leiaroppgåvene sine på.

– Det var den eine sida. Den effektive. Så hadde du den andre sida som var heilt... Ja...

Ho går tom for ord.

– Når det vart veldig tungt, gjekk eg på kyrkjegarden og såg på dei små gravene. Så tenkte eg: Kva gjorde dei med barnet mitt? Skrapte dei det ut med hard hand og heiv det i ei bøtte? Det fekk ikkje ei grav ein gong.

Ville ikkje ha barn

Ho gifta seg med ein mann som var mange år eldre. Ho fortalde han kort om aborten, og han la ikkje vekt på det. Det var hennar fortid.

– Eg kunne aldri tenkje meg å få eit nytt barn. Det ville vere å svikte barnet. Livet er ikkje slik at eg kan seie «du skal få leve», men «deg vil eg ikkje ha». Eg hadde rett og slett ikkje samvit til å få eit nytt barn.

Til mannen og vener fann ho ei unnskyldning: Han var for gamal til å bli far. Det var ikkje rett å setje eit barn til verda med ein som kunne ha vore bestefaren.

LIV: Sorga er framleis tung å bere, 50 år etter aborten.

Av og til innbiller ho seg at barnet var ei jente. Ho har gjeve henne eit namn. Ida.

Tidde i 30 år

I 30 år gjekk ho utan å snakke om aborten.

– Eg bar på ei sorg som var så tung at eg ville kvelast i blant.

Så tok livet ei vending som gjorde at ho trong å oppsøkje psykiater i ei anna samanheng. Under overflata bobla sorga og skamma over aborten. «Denne gongen skal eg seie det til han», tenkte ho fleire gonger då ho kom til time hos psykiateren.

– Eg skalv som eit aspelauv då eg sa det: «Eg er ein mordar. Eg sit i fengsel». Psykiataren, som var kristen, svarte at ho var fri. Jesus har teke synda på seg.

– Då kjende eg nåden og tilgjevinga. At eg skulle få lov til å vere fri.

Mange år tidlegare hadde kvinna forlate barnetrua. Den visna vekk under studietida. No var det psykiateren sine ord som gav trøst og som gradvis gjorde at ho fann tilbake til trua.

– Fordi eg hadde vendt Gud ryggen, var det enda meir håplaust for meg etter aborten. Det var som ei trøyst då psykiateren sa at Gud hadde teke dette på seg, seier ho.

Kjende seg fordømt

Ho strir framleis med mange spørsmål og tankar. Ho er lei seg for at ho i ettertid ikkje snakka med foreldra, men ho har forstått at dei nok trudde det var ho sjølv som ville ta abort. Ho vart enke og gifta seg på nytt med ein enkemann for nokre år sidan. Det er ikkje lenge sidan ho våga å snakke opent til han og borna hans og til dei næraste venene om det ho opplevde.

– Det er ingen som fordømer meg.

– Hadde du trudd at dei skulle fordøme deg?

– Eg hadde trudd at alle skulle fordøme meg. Det var noko forferdeleg eg hadde gjort. Eg hadde drepe mitt eige barn. Mange vil sikkert seie at eg er dum som kjenner fordømming.

BLOMSTER: Kvinna har hatt leiarposisjonar og har stort nettverk. Men i hjarta har ho alltid hatt ei stor sorg.

Lite forsking

Det er lite forsking på kva seinreaksjoner kvinner som har teke abort har.

I 2007 offentleggjorde professor Willy Pedersen ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo ei undersøking som viste at kvinner som vel bort barnet, slit meir enn andre med alkohol og rusproblem seinare i livet.

«Den abortsøkende kvinnen har forblitt språkløs og ensom. Det er nok viktigste grunn til at mange blir sårbare for rus og depresjon», skreiv Pedersen i ein artikkel om forskinga i 2007.

Undersøkinga vekte oppsikt og skapte debatt. Det fekk Helse- og omsorgsdepartementet til å be SINTEF gjennomføre ei omfattande undersøking av korleis det går med kvinner som vel abort.

Den rapporten konkluderte med det motsette: Det er ingen andre haldepunkt for at kvinner som vel abort får meir psykiske plager seinare i livet enn andre kvinner. Innlegging på psykiatrisk sjukehus etter abort er svært sjeldan og ikkje oftare enn det som er observert etter fødslar.

– Litteraturen er ganske eintydig, uavhengig av korleis ein måler psykiske plager. Det viser at kvinner som tek abort opplever det kjenslemessig sterkt før aborten er gjennomført, men er letta etterpå, sa dåverande forskingsrettleiar Finn Egil Skjeldestad, som var ein av dei ansvarlege bak rapporten, til Aftenposten.

Dei konkluderte med at dei ikkje kunne leggje særleg vekt på resultata frå den første rapporten. Pedersen var usamd:

– Den einaste rimelege konklusjonen er at funna frå ulike studiar spriker. Fleire heilt ferske undersøkingar tyder på at abort kan gje seinverknader. Vi treng betre studiar. Men framfor alt treng vi at forskarar løyser opp i dei ideologiske bindingane sine. Dei er ofte sterke på dette feltet, sa Pedersen for ni år sidan.

Utanfor statistikken

75-åringen er ei av tusenvis av kvinner som har teke abort. Men ho er ikkje registrert i offentlege statistikkar over depresjon eller alkoholmisbruk. Ho har bore sorga og skamma åleine.

– Det kan ikkje berre vere eg som tenkjer slik. For det er så djuptgripande. Kvifor er det så tabu? spør ho.

– Skulle du ynskje at det vart forska meir på seinverknader etter abort?

– Ja, det skulle eg ynskje. Tenk på den lidinga vi sit igjen med. Fri abort er ikkje fritt. Eg ser no at eg vart manipulert inn i dette. Du kan vere sikker på at det også i dag er mange som blir manipulert til å ta abort. Eg skulle ynskje at alle dei lidingane skulle kome meir fram. Eg vil fortelje om ein annan røyndom, ikkje den fantasiske. For det er tungt.

Ho fortel at saknet blir større og større.

– Det har aldri vore så tungt som no.

DRAUM: «Du er aldri for gamal til å drøyme nye draumar». Det mottoet lever kvinna etter.

Dei siste åra i yrkeslivet omskulerte ho seg til lærar. Der fekk ho møte ei tenåring som kom og bad om råd då ho var uplanlagt gravid og hadde bestemt seg for å ta abort. Kvinna understreka at det var ho sjølv som måtte ta valet, men at det uansett var eit val som fekk konsekvensar for livet etterpå, enten ho fekk eit barn eller valde å ta abort.

For få år sidan trefte ho att kvinna som hadde søkt råd hos henne som tenåring. No var ho tobarnsmor. Eldstejenta var 16. «Takk for at eg fekk leve. Hadde ikkje mamma snakka med deg, hadde eg ikkje levd», sa ho.

– Det var sterkt, seier ho.

Då fortalte 75-åringen si eiga historie til tobarnsmora.

«Du har eit barn», svarte den unge kvinna. «Du har eit barn i himmelen».

Powered by Labrador CMS