AUKE: Ny undersøking viser at fleire amerikanske kyrkjegjengarar trur Gud vil at dei skal ha økonomisk framgang.

Amerikanske kristne trur Gud vil velsigne dei med pengar

Norsk teologiprofessor med lang fartstid i USA er ikkje overraska.

Publisert Sist oppdatert

Økonomisk velstand er eit mål for mange amerikanarar. Dei fleste trur det er Guds plan for dei, men at dei må gi litt meir for å sikre seg den velsigninga, skriv LifeWay Resarch i presentasjonen av ei fersk undersøking.

Markant auke

52 prosent av protestantiske kyrkjegjengarar oppgir at kyrkja deira lærer at Gud velsignar dei dersom dei gir til kyrkja si og kristne organisasjonar.

I ei tilsvarande undersøking i 2017 svarte 38 prosent det same. Det inneber ein auke på 14 prosentpoeng.

I den same perioden er det blitt fleire kyrkjegjengarar som trur at Gud ønskjer at dei skal oppleve økonomisk framgang. Delen har auka frå 69 til 76 prosent.

Fortent velsigning

45 prosent trur at dei må gjere noko for Gud for å få materielle velsigningar.

I den førre undersøkinga var det berre 26 prosent som sa det same.

– Dei siste fem åra er det blitt langt fleire kyrkjegjengarar som reflekterer eit framgangsevangelium. Det inkluderer vranglæra om at materielle velsigningar er noko ein kan gjere seg fortent til hos Gud, seier Scott McConnell som er direktør for LifeWay Research.

Instituttet er eigd av Sørstatsbaptistane, det største protestantiske kyrkjesamfunnet i USA.

McConnell trur den økonomiske nedturen mange opplever på grunn av inflasjon og pandemien, har framkalla skuldkjensle for at dei ikkje gjer meir for å tene Gud.

– Men Skrifta lærer ikkje ein slik direkte samanheng, meiner han.

Avhengige av innsamling

Professor Sigurd Grindheim ved Høgskulen på Vestlandet har budd over 20 år i USA. Der underviste han ved fleire kristne utdanningsinstitusjonar.

Han er ikkje overraska over at mange amerikanske kristne forventar at Gud skal velsinge dei økonomisk.

TEOLOG: Sigurd Grindheim arbeider som professor ved Høgskulen på Vestlandet.

– Eg trur det kan ha samanheng med at kristen verksemd ikkje får statsstøtte, og at dei derfor i endå større grad er avhengige av å samle inn pengar, seier Grindheim til Dagen i ein epost.

Nærliggjande kopling

Sjølv om forkynning av tiend ikkje nødvendigvis vert kopla direkte til Guds velsigning, trur Grindheim det er nærliggjande for tilhøyrarar å oppfatte det slik.

Han ser ikkje ei enkel forklaring på den markante auken i trua på materielle velsigningar.

– Ein kan spekulere i at det har samanheng med ei politisering av den kristne bodskapen i den same perioden, at trua i større grad blir forstått som å manifestere seg i «ytre», påtakelege, synlegege fenomen, men det blir berre gjetting frå mi side.

– Ei bølgje for framtida

«Dess kristne trur at Gud treng at du er rik og at du styrer verda», lydde ei overskrift i Texas Observer i august.

Artikken tok føre seg veksten i karismatisk kristendom som blandar framgangskristendom med nasjonal politikk.

Professor Kate Bowler ved Duke Divinity School har skrive boka «Blessed: A History of the American Prosperity Gospel». Bowler reknar med at, 30 prosent av dei 50 største kyrkjene i USA tilhøyrer trusrørsla, som legg vekt på ei forventning om at Gud skal velsigne kristne med helse, velstand og siger.

– Desse menneska har lagt evangelikal kristendom under seg. Dette er ei bølgje for framtida, seier Andrea Butler, som leier Department of Religious Studies ved University of Pennsylvania.

Megakyrkjer veks

Tidlegare på sommaren skreiv NPR om at megakyrkjer veks i USA, samstundes som andre kyrkjelydar minkar eller strevar med å overleve.

Til saman finst det rundt 1800 megakyrkjer i USA, det vil seie med over 2000 eller fleire medlemer. Mange av desse tilhøyrer ikkje noko kyrkjesamfunn og rettar seg mot visse målgrupper eller segment. Fleire observatørar påpeiker at verksemde dermed kan verte prega av marknadsmekanismar.

Den gjennomsnittlege kyrkjelyden i USA har no 65 medlemer, mot 137 i år 2000, ifølgje Religion News Service.

Powered by Labrador CMS