AUKE: Ny undersøking viser at fleire amerikanske kyrkjegjengarar trur Gud vil at dei skal ha økonomisk framgang.
Allison Dinner/AP/NTB
Amerikanske kristne trur Gud vil velsigne dei med pengar
Norsk teologiprofessor med lang fartstid i USA er ikkje overraska.
Økonomisk velstand er eit mål for mange amerikanarar. Dei fleste trur det er Guds plan for dei, men at dei må gi litt meir for å sikre seg den velsigninga, skriv LifeWay Resarch i presentasjonen av ei fersk undersøking.
Markant auke
52 prosent av protestantiske kyrkjegjengarar oppgir at kyrkja deira lærer at Gud velsignar dei dersom dei gir til kyrkja si og kristne organisasjonar.