Anonym: Sidan Nye Magazinet la ut sitt første innlegg i 2020, er det ingen som har greidd å avsløre identiteten.

Anonym kristen satirekonto lettar på sløret

Instagram-profilen Nye Magazinet har over 2000 følgarar. Målet er, ifølgje den satiriske profilen, å overta Dagen.

Publisert Sist oppdatert

Dagen forsøkte å sikra seg eit intervju, spurte Nye Magazinet følgarane sine om dei skulle seie ja, eller vente til konkurrenten Vårt Land ringde.

Skulle ein seie ja, så var føresetnaden at sjefredaktør Vebjørn Selbekk i Dagen var på ferie.

Om ikkje, kunne dei altså velje å vente på telefon frå Vårt Land. Eller, som Nye Magazinet kallar dei, «den liberalteologiske religionsblandede woke-avisa».

Dagen vann.

Presseetikken gjorde derimot ein slik avtale vanskeleg, dermed vart Vårt Land først ut med saka likevel.

Som namnet avslører, har den anonyme humorprofilen tatt utgangspunkt i Magazinet, ukesavisen som blei kjøpt opp av Dagen i 2007. Noverande sjefredaktør i Dagen, Vebjørn Selbekk, var sjefredaktør i Magazinet.

Når Dagen konfronterer den anonyme humorprofilen, får kristenpressa gjennomgå.

Likevel meiner dei det er håp.

Trass ramsalt kritikk mot turbokapitalisme og fokus på lesartal og abonnement i den kristne pressa, er Instagramprofilens eige favorittinnlegg nettopp det med flest «likes».

Men satirikarane let seg ikkje ta i hykleri.

Her er innlegget Nye Magazinet viser til:

Humorprofilen har store ambisjonar, og avslører kvifor dei ville ha sjefredaktør Vebjørn Selbekk på ferie. At han var med på fusjonen av Magazinet og Dagen, som i ein lengre overgangsperiode førte til at avisa heitte DagenMagazinet, sit ennå i.

Selbekk kommenterer:

– Gamle Magazinet var eit trusprosjekt, det forstår eg at Nye Magazinet vidarefører, men her er nok ambisjonane litt vel store.

Trass Nye Magazinet sine hårete mål, er ikkje sjefsredaktøren imponert.

– Dei bør kanskje først forsøkje å få fleire Instagram-følgarar enn meg. Det er litt svakt at ei heil mediebedrift som Nye Magazinet har mindre følgarar enn min private Instagram-konto, ler Selbekk.

– Det må vere det første delmålet før dei tar over Dagen, seier han.

Sjølv om Nye Magazinet er kritisk til Dagen, har dei berre godt å seie om gamle Magazinet.

Trass at dei langar ut mot Selbekk, har han lenge vert ein tru følgar av profilen.

– Eg er jo den største fan av Nye Magazinet i Dagen-redaksjonen. Så eg skjønar ikkje kvifor dei er redd for at eg skal ha ein finger med i godkjenninga av teksten, seier han.

Nye Magazinet har profilert seg på satire retta mot kristenfolket, men dei vil ikkje skrive seg inn i profettradisjonen ein finn i GT.

Det skal mykje til for at satirekontoen avslører seg.

Likevel sit dei på kunnskap om fartstida til journalisten, noko som kan gi grobotn for spekulasjonar om kven som står bak.

Powered by Labrador CMS