Ap og KrF i konflikt om skuleplassar
Usemja oppstod fordi KrF foreslo å kutte 90 skuleplassar ved den nye offentlege Askøy vidaregåande skule, som ligg vest for Bergen.
Ei friskulesak har skapt konflikt mellom KrF og Ap i Hordaland fylkesting, der partia er samarbeidspartnarar saman med Sp og SV. KrF sikra fleirtalet i fylkestinget for å tildele 146 nye skuleplassar til friskulen St. Paul Gymnas i Bergen, skreiv Bergens Tidende i førre veke.
Usemja oppstod fordi KrF foreslo å kutte 90 skuleplassar ved den nye offentlege Askøy vidaregåande skule, som ligg vest for Bergen.
KrF gjekk dermed imot samarbeidspartia og fekk fleirtal i fylkesutvalet.
– Eit hån
Fleire oppfatta det som at KrF hadde ein baktanke med å prioritere friskuleplassar og sentrale skular framfor skular i distrikta.
Jannicke Clarke (Ap), utvalsleiar for teknikk og miljø i Askøy kommune, sa til BT i førre veke at ho trudde det var ein samanheng mellom vala KrF gjorde.
– Eg meiner det er eit hån mot Askøy og ungdomane våre når KrF, så tett opp til byggestart, ønskjer å nedskalere Askøy til fordel for St. Paul, sa ho til avisa.
Ap, Sp, og SV stemte saman med KrF for kutt i skuleplassar på Askøy i fylkesutvalet, men Ap gjorde det klart at dei ville vurdere saka på nytt i fylkestinget onsdag denne veka.
Snudde
Varafylkesordfører Pål Kårbø (KrF) hadde føreslege kuttet på Askøy. Han avviser at det er ein samanheng mellom Askøy og St. Paul.
– For min del såg eg ikkje koplinga. Då vi jobba med sakene, gjekk vi inn i kvar av dei separat, seier Kårbø til Dagen.
Under møtet i fylkestinget denne veka, snudde Ap og fleire av dei andre partia. Dei sikra fleirtal for at det ikkje vert kutt i plassar ved den nye Askøy–skulen likevel. Den får no oppimot 1000 elevplassar.