Arrangerer historias første swingkurs på NLM-festival: – Eg er her for å bli kjend med nye folk
Fleire av skulane til Misjonssambandet tillét ikkje pardans i gymmen. På UL-derimot blir deltakarar kursa i swing.
Alkoholbruk, sjekking, tilfeldig sex.
Assosiasjonane til pardans har ikkje alltid vore av det positive slaget i Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM), men på Ungdommens Landsmøte (UL) er ikkje skepsisen like stor.
– Swingkurs er ein enklare måte å treffe likesinna på, seier swingkursdeltakar Evard Faa Nårstad.
Han har gleda seg lenge til det som snart skal skje.
Lagar festival i festivalen
25-åringen frå Stavanger er ein av 1650 ungdommar som er samla til Ungdommens landsmøte (UL) i Stavanger 11.–15. juli. Festivalen, som hadde 70-årsjubileum i 2018, blir arrangert av Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) og Indremisjonsforbundet (ImF).
Tradisjonen tru står seminar, møter og underhaldning på programmet, men nytt av året er ein eigen festival i festivalen, kalla UL+.
Her kan dei som har passert 22 år kan få komme på UL og vere deltakarar i staden for å kjenne på at dei må ta ansvar som frivillige.
På festivalmenyen til UL+-arane står mellom anna 20-talskveld med basar og pardans.
Håpar folk går ut av komfortsona
Lindy Hop heiter swingdansen som UL-deltakarane skal bryne seg på denne 20-talskvelden. Den har ikkje sitt opphav i 20-talets Misjonssamband i Noreg, men i det afroamerikanske miljøet i Harlem, New York på same tid.
– Kva trur du 20-talets NLM-arar ville sagt til swingkurs, festivalsjef Martin Augestad?
– Eg vil jo tru at det ville vore mange ulike tankar om dans, men eg vil ikkje spekulere på kva dei på 1920-talet ville sagt. Dei er ikkje her nå, seier Augestad.
I år er det 200 UL+-deltakarar frå 22 år og oppover. Dei får tilbod om swingkurs fordi UL-arrangørane vil famna breitt, ifølgje festivalsjefen.
– UL+ skal vera både for folk som likar å høyre på seminar og talar, og for dei som finn seg meir til rette med idrett eller å uttrykkje seg kreativt. Derfor har vi også målarkurs og swingkurs, fortel han.
Forstår at folk reagerer
Informasjonssjef, Espen Ottosen, i Norsk Luthersk Misjonssamband har følgd dansedebatten i NLM gjennom tre tiår.
For 30 år sidan var til dømes aerobic ei heitt potet, ifølgje Ottosen.
– Det var mykje diskusjon om aerobic skulle karakteriserast som dans og derfor problematiserast, fortel han.
Sidan har lovsongsdans vore i bruk på bedehus og aerobic i gymsalen på Fjellhaug, men han er ikkje sikker på swing vil bli normalisert.
– Dei fleste vil tenkje i dag at det er framleis mange problem knytt til ulike formar for dansekultur, særleg når det er knytt til diskotek og sjekking og festing, men at dans også har breitt spekter er det ikkje tvil om. Swingkurs på UL+ liknar gjerne like mykje på ein form for idrett som den forma for pardans som historisk sett er sett på som problematisk.
– Kva vil du sei til dei som er skeptiske?
– Det kan eg forstå. Swingkurset er ikkje noko som er sentralt diskutert i Misjonssambandet, men eg er trygg på at UL-leiarane har gjort gode vurderingar, gjennomført kurset på ein forsvarleg måte, og at dei også kjenner til dei problematiske sidene ved ein del former for dansekultur.
– Vil vi kunne sjå meir pardans i gymmen på NLM-skulane og framover?
– Det syns eg er vanskeleg å svare på, for eg tippar dei handterer dette litt ulikt frå skule til skule, men eg trur ikkje dette swingkurset vil føre til store endringar.
Augestad
På UL+ er det straks klart for swingkurs. Prosjektleiar Martin Augestad håpar folk får det kjekt.
– Kanskje torer nokon å gå ut frå komfortsona si, seier han.
På underhaldninga kvelden før blei swingkurset lansert som sjekkearena. Slagordet «UL – festivalen som forandrar» blei til «UL – festivalen som forandrar sivilstatusen».
– Det var ein god dose ironi der, poengterer prosjektleiaren.
– Me arrangerer ikkje UL fordi folk skal finne kvarandre, men det er hyggeleg når det skjer.
Han legg til at UL+ er for unge vaksne i alle livssituasjonar, både gifte, single og dei som har barn.
Byr opp til dans
Omsider er det klart for swing. På dansegolvet ber instruktør Aase Victoria Wangen deltakarane om å finne seg ein partnar.
Jenterekkja, som på swingsk heiter følgarane, tar instruktøren på ordet. Forsiktig nærmar dei seg gutane, som blir kalla førarar.
Edvard Faa Nårstad står stille og gnir seg i hendene medan han ventar på ein følgjar. Det tar ikkje lang tid før ei jente kjem bort. Dei helsar kjapt, og instruktørane ber følgarane og førarane til å gå til kvar si side av rommet igjen.
Før dansen startar må stega lærast.
Deretter er det partnarbytte igjen.
Igjen nøler førarane.
– Det er ikkje så farleg. Det er ikkje ekteskap det handlar om, oppmuntrar instruktøren.
Ho skulle berre visst.
Førarane får beskjed om å leggje handa rundt livet til følgjarane sine.
Nårstad trekk pusten, rettar ryggen og gjer seg klar.
Det er nå det gjeld.
Sjølve dansekurset
Deltakarane må rotere dansepartnar heile tida, så her får ingen tid til å bli skikkeleg kjend, men til gjengjeld kjem jentene på løpande band.
Etter kvart som kurset skrid fram blir deltakarane litt lausare i snippen. Stive smil og bein mjuknar opp, men framleis ser dansepartnarane meir på instruktøren enn på kvarandre.
Vil Edvard Faa Nårstad klare å ro dette i land?
«Start spreading the news. I'm leaving today. I want to be a part of it. New York, New York» syng Frank Sinatra.
UL-deltakarane dansar.
Etter ein time med swingkurs er sivilstatusen til Edvard Faa Nårstad uendra. Enn så lenge.
– Det blei ikkje tid til å endre sivilstatus akkurat, men kanskje er det starten på noko. Det kan godt vere, seier han.
Frank Sinatra avsluttar med «The best is yet to come». Kurset er formelt slutt, men dansen held fram for Nårstad og dei andre UL+-deltakarane. Lidenskapeleg kan det neppe seiast å vere, men med tid og stunder blir det kanskje ekteskapeleg.