SWING: Edvard Faa Nårstad, Håvard Klungre og andre UL+-deltakarar i aksjon på dansegolvet.
Gerd Vårin Emmerhoff-Sæther
Arrangerer historias første swingkurs på NLM-festival: – Eg er her for å bli kjend med nye folk
Fleire av skulane til Misjonssambandet tillét ikkje pardans i gymmen. På UL-derimot blir deltakarar kursa i swing.
Alkoholbruk, sjekking, tilfeldig sex.
Assosiasjonane til pardans har ikkje alltid vore av det positive slaget i Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM), men på Ungdommens Landsmøte (UL) er ikkje skepsisen like stor.
– Swingkurs er ein enklare måte å treffe likesinna på, seier swingkursdeltakar Evard Faa Nårstad.