Ateismen beit ikkje på dei

Kommunistane mislykkast med å gjere aust­europearane gudlause. Dei identifiserer seg sterkare med ortodoks kristendom etter kommunismens fall, ifølgje omfattande undersøking.

Publisert Sist oppdatert

Over 25.000 vaksne personar i 18 forskjellige land er intervjua i den ferske undersøkinga frå amerikanske Pew Research Center som vart publisert denne veka. Undersøkinga er gjennomført rundt 25 år etter at jernteppet fall og Sovjetunionen gjekk i oppløysing. Dei kommunistiske regima undertrykte religiøst liv og fremja ateisme.

Også Hellas er med i undersøkinga. Sjølv om landet ikkje låg bak jernteppet, ligg det geografisk aust i Europa og er kulturelt sterkt prega av ortodoks tradisjon.

Store forskjellar

I dag reknar eit klart fleirtal, 57 prosent, av innbyggjarane i dei 18 landa seg som ortodokse kristne. Fleire land har betydelege ortodokse minoritetar. I Bosnia-Hercegovina, Latvia og Estland er mellom ein tredel og ein firedel av innbyggjarane ortodokse.

Katolikkane utgjer totalt 18 prosent av den vaksne befolkninga i regionen. Men dei er i fleirtal i Polen, Kroatia, Litauen og Ungarn.

Først på tredjeplass kjem dei som er ateistar, agnostikarar eller ikkje identifiserer seg med nokon religion. Totalt utgjer desse 14 prosent, men det er store forskjellar landa imellom. I Tsjekkia plasserer heile 72 prosent seg i denne gruppa, medan 45 prosent gjer det same i Estland.

Katolsk tilbakegang

I dei historisk katolske landa Polen, Ungarn og Tsjekkia har det vore ein forsiktig tilbakegang i delen av befolkninga som kallar seg katolikkar.

Sterk gudstru

Sjølv om relativt få menneske i Sentral- og Aust-Europa seier dei går ofte til gudsteneste, er det svært vanleg å tru på Gud. Det gjeld meir enn ni av ti innbyggjarar i følgjande land: Georgia (99 prosent), Armenia (95 prosent), Moldova (95 prosent), Romania (95 prosent) og Bosnia-Hercegovina (94 prosent).

Men her er det variasjonar. Dei største unnataka er Tsjekkia og og Estland. I begge landa er det eit mindretal, på høvesvis 29 prosent og 44 prosent, som seier at dei trur på Gud.

Til samanlikning viste Norsk Monitor-undersøkinga som vart publisert i fjor at 37 prosent av dei spurde norske respondentane at dei trur på Gud. 39 prosent svarer at dei ikkje trur på Gud.

Stolte av nasjonen

I land med ortodokst fleirtal er det ein større del av respondentane som er svært stolte av den nasjonale identiteten sin. I dei fleste ortodokse landa som er med i undersøkinga, er det rundt halvparten som seier at dei er svært stolte av å vere borgarar av landet sitt. Elles i regionen er det berre kroatane som er på same nivå, der 59 prosent uttrykkjer slik nasjonal sjølvkjensle.

Påstanden «folket vårt er ikkje perfekt, men kulturen vår er andre overlegen» får tilslutnad frå over halvparten av respondentane i ti av dei undersøkte landa. Sju av desse ti landa har ortodokst fleirtal.

Støttar Russland

Støtta til band mellom kyrkje og stat er sterkare i land med ortodokst enn katolsk fleirtal. Ein tanke om at styresmaktene skal støtte spreiing av religiøse verdiar og tru i landet, og at dei skal sørgje for finansiering av dominerande nasjonalkyrkjer, har større oppslutnad i ortodokse land.

Folk i ortodokse land ser Russland som ein viktig «buffer» mot Vesten. Til og med i Hellas er 70 prosent samde i at eit sterkt Russland er viktig for å balansere vestleg påverknad. Langt færre tenkjer slik i land med katolsk fleirtal eller meir religiøst samansett befolkning. Samstundes meiner fleirtalet i dei fleste landa som er med i undersøkinga, enten dei er ortodokse eller ikkje, landet deira har interesse av å samarbeide tett med USA og andre vestlege makter.

Russland har eit ansvar for å verne ortodokse kristne også utanfor landegrensene sine, meiner eit fleirtal i ortodoksdominerte land - bortsett frå Ukrania

Sjeldan i kyrkja

Sosialkonservative haldningar står sterkare i ortodokse land enn i katolske. Trass i at det er relativt få som regelmessig går til kyrkje eller ber i Russland, meiner 85 prosent av russarane at homoseksuell åtferd er gale. Sjølv mellom russarar utan religiøs tilknyting, er det 79 prosent som meiner dette - og avviser at samfunnet skal akseptere homofil praksis.

I motsetnad til dette meiner berre 48 prosent av polakkane, som er meir religiøst praktiserande, at homoseksualitet er moralsk gale. Blant katolske polakkar er det 41 prosent som meiner at samfunnet bør akseptere homoseksualitet.

K jønnsroller

Menneske i land med ortodokst fleirtal er meir tilbøyelege til å ha eit tradisjonelt syn på kjønnsroller. Det inneber mellom anna at dei synest kvinner har eit ansvar for å føde born og at kvinner skal vere lydige mot ektemennene sine. Rundt fire meiner menn bør ha større rett til å få jobb når arbeidsløysa er høg.

Sjølv om demokratiet er den føretrekte styreforma i 11 av dei 18 undersøkte landa, er det berre i to land - Hellas (77 prosent) og Litauen (64 prosent) - eit klart fleirtal meiner dette. I mange land i Sentral- og Aust-Europa meiner store deler av befolkninga - inkludert ein tredel eller meir av dei vaksne i Bulgaria, Kviterussland, Russland og Moldova - at eit ikkje-demokratisk styre er det beste styreforma under visse tilhøve.

Powered by Labrador CMS