Åtte av ti i USA: Religion får mindre påverknad i samfunnet
Få oppfattar verken Joe Biden eller Donald Trump som spesielt religiøse, ifølgje ny undersøking.
Undersøkinga er utarbeidd av Pew Research Center. Ho viser ei tydeleg endring i løpet av eit par tiår.
I 2002 var det 52 prosent av amerikanarane som meinte at religion fekk mindre påverknad i samfunnet. 37 prosent meinte påverknaden vaks.
I 2024 er det 80 prosent som meiner at religion taper påverknad. Berre 18 prosent meiner at denne påverknaden aukar.
Positiv religiøs påverknad
Dei fleste som seier at religion får mindre påverknad, er ikkje glade for dette. 49 prosent av amerikanarane synest både at religion får mindre påverknad og at dette er negativt.
Over halvparten av amerikanarane meiner at religion påverkar det amerikanske samfunnet positivt.
USA har vore rekna som eit religiøst unntak i Vesten, som jamt over er prega av sekularisering. Framleis er oppslutninga om kristen tru og praksis langt høgare der enn i andre vestlege land.
Trump: «Ein veldig stolt kristen»
Samstundes er det skjedd betydelege endringar, særleg på 2000-talet, som Dagen mellom anna skreiv om i reportasjeserien «Ikke lenger Guds eget land?».
Fleire av dei mest omstridde spørsmåla i samfunnet og politikken er også på eitt eller anna vis knytte til religion. Abort, ekteskap og kjønnsidentitet er tre døme.
President Joe Biden er praktiserande katolikk.
– I livet har eg prøvd å leve ut trua mi, sa han i ei kyrkje i Sør-Carolina i januar ifølgje Reuters.
Han la til at ingen menneske er perfekte og at ein ikkje veit kva veg trua vil ta dei.
– Men vi kan gjere vårt beste for å søkje lyset, håpet, kjærleiken. Der eg kjem frå, er det krafta i trua.
Donald Trump sa seinast i februar, i ein tale til National Religious Broadcasters, at han er «ein veldig stolt kristen», ifølgje AP.
Unngår diskusjon om religion
Veljarane er likevel ikkje overtydde. 13 prosent seier dei meiner Joe Biden er veldig religiøs. Berre 4 prosent seier dette om Donald Trump, iføljge Pew Research Center.
I den nemnde talen lova Trump å stå opp for kristne dersom han vert president igjen.
– I den første perioden kjempa eg hardare for kristne enn nokon president har gjort før. Og eg vil kjempe endå hardare for kristne med fire nye år i Det kvite hus, sa han ifølgje The Guardian.
Det er ein bodskap som har gjenklang hos mange amerikanarar. Heile 48 prosent av amerikanarane seier at det er mykje eller noko konflikt mellom den religiøse trua deira og den rådande kulturen i USA.
Dette er ein auke på seks prosentpoeng sidan 2020.
Fire av ti prosent seier dei unngår å diskutere religion med nokon som er usamde. I 2020 sa tre av ti det same.
Forventar etisk president
Undersøkinga viser at det er stor skilnad på korleis republikanarar og demokratar ser på religiøs påverknad på politiske avgjerder og det offentlege livet.
42 prosent av republikanarane og uavhengige veljarar som sympatiserer i denne retninga, meiner at når Bibelen og folkeviljen kjem i konflikt, bør Bibelen ha meir påverknad på amerikanske lover. Berre 16 prosent av demokratane meiner det same.
Kvar femte republikanar meiner kristendommen bør bli erklært som den offisielle religionen i USA. Berre sju prosent av demokratane er samde.
Meir enn ni av ti seier det er veldig eller nokså viktig å ha ein president som lever eit etisk liv. Og drygt seks av ti seier det er viktig å ha ein president som står opp for menneske med religiøs tru.
Rundt halvparten meiner det er viktig at presidenten sjølv har sterk religiøs tru.