SUNNMØRE: Kommunepolitikar Johan Grytten ser mykje i budsjettet han likar, men ikkje alt. – Det har blitt dårlegare for sjøfolka og betre for leiarar. Og det er ikkje etter mitt hjarta, seier han.

Åtvarar KrF mot å bryte på budsjettet

Kommunepolitikar Johan Grytten i Ålesund synest budsjettforslaget favoriserer Kristeleg Folkeparti. Men så var det spørsmålet om flyktningar.

Publisert Sist oppdatert

Då forslaget til statsbudsjett vart lagt fram måndag, vart det lese med stor interesse av KrF-politikarar på alle nivå. Om få veker skal dei avgjere om dei skal bryte med dagens regjering og søkje samarbeid med Arbeidarpartiet og Senterpartiet, slik partileiar Knut Arild Hareide har tilrådd.

Då vert budsjettet sett på som ein prøvestein på om regjeringa kjem KrF i møte.

Kommunestyrerepresentant Johan Grytten i Ålesund godkjenner budsjettforslaget.

– Dette er rett og slett ei gåvepakke til KrF. Dette vil vera eit fullstendig gale tidspunkt å felle regjeringa, no når dei legg fram eit slikt budsjett som på mange måtar er vår politikk. Det tvilar eg ikkje på i det heile, seier Grytten.

Han rosar regjeringa for å gi meir til trengande familiar, bistand og kamp mot fattigdom. Og han understrekar at rammene for å få til fleire arbeidsplassar vil verte betre.

– Plaster på såret

Like nøgd er han ikkje med tiltaka for blant anna rusomsorgen og psykisk helse.

– Når det gjeld psykisk helse, synes eg det har vært eit så mykje forsømt tema at det er berre eit lite plaster på såret. Det kunne vore mykje betre, seier Grytten.

Grytten er også interessert i sjøfartspolitikken som kystby-politikar.

– Eg meinar også at det har blitt dårlegare for sjøfolka og betre for leiarar. Og det er ikkje etter mitt hjarta, seier Grytten.

Partileiar Knut Arild Hareide har tilrådd partiet å søke samarbeid med Arbeiderpartiet og Senterpartiet, men utan SV.

Johan Grytten åtvarar mot å stole på at ein kan berre få samarbeid med Arbeiderpartiet.

– Personleg er eg meg langt på venstresida, men vi kan ikkje kvile på ei Arbeiderparti-regjering og tru at vår politikk kjem fram. Hadde det ikkje vore for Israelspolitikken, hadde eg for eksempel støtta Rødt, seier Grytten.

Vil ha fleire flyktningar

Budsjettsforslaget inneheld blant anna forslag om å auke flyktningkvota frå 2000 til 3000. Grytten meiner regjeringa kan klare betre.

– Det er ikkje nok, men ei bedring, sier Grytten.

Til sist meinar Johan Grytten at Knut Arild Hareide har mottatt mykje uberettiga kritikk.

- I alle viktige spørsmål i politikken på landsbasis har KrF vist seg å spele ei viktig rolle, seier Grytten.

Vil gå vidare med Erna

Ordføraren i Giske kommune, Harry Valderhaug (KrF), meinar budsjettforslaget er eit godt utgangspunkt for KrF.

– Slik eg oppfattar det, er det mykje som er ei vidareføring av fleire av KrF sine satsingar. Det er eit godt utgangspunkt for KrF til å fortsetje å finne gode løysingar med Erna og co, seier Valderhaug.

Valderhaug håpar at KrF spesielt no jobbar vidare med å løfte kommuneøkonomien. Han påpeikar blant anna eldreomsorg og skule som viktig. Ordføraren i Giske kommune seiar seg positiv til det som har blitt tatt grep om i næringslivet og meinar det er i KrF si ånd.

Ordføraren støttar nestleiar Kjell Ingolf Ropstad sitt utsagn i at det er viktig og løfte satsinga på barnefamiliar.

– Eg seiar meg veldig samd og trur mange kan gjenkjenne KrF i hans utsagn. Å få sett opp eit alternativ budsjett med fokus på desse områda trur eg vil vere positivt, legg ordføraren til.

Powered by Labrador CMS