SKIFTA SYN: Dorrit Vignes var sjølv konservativ i samlivsspørsmålet. Nå stiller ho til val for Open folkekyrkje for første gong.

Åtvarar liberale meiningsfeller i kyrkja mot å utøve negativ sosial kontroll

– Kristenkonservative kan og kjenne på minoritetsstress, meiner Open folkekyrkje sin andrekandidat i Stavanger, Dorrit Vignes (38).

Publisert Sist oppdatert

Det har storma rundt konservative kyrkjepolitikarar i Rogaland denne vinteren.

Som einaste bispedømme i landet nektar Stavanger å gi slipp på retten til å forskjellbehandle jobbsøkjarar i likekjønna parforhold.

I februar brukte leiaren i Stavanger bispedømmeråd, Liv Heidrun Heskestad, dobbelstemmen sin for å frede praksisen.

Forfattar Tore Renberg følgde opp med å true med å ikkje sette sine bein i kyrkja meir.

Nestleiaren i bispedømmerådet antyda at ein konservativ bispedømmerådskollega var homofob.

I eit lesarinnlegg i Stavanger Aftenblad kjem Open folkekyrkjes Dorrit Vignes med åtvaringar til begge sider.

Til konservative: – De påfører skam

Vignes meiner tilsetjingsreglane i bispedømmet hennar er diskriminerande.

– Me spør ikkje potensielle prestar om kor god nabo, ven og ektefelle dei er – om dei besøkjer bestemor på gamleheimen eller korleis dei elskar sin neste som seg sjølv. Ofte set me rammar som me sjølv oppfyller lett og gløymer andre verdiar som seier vel så mykje om trua, seier Vignes til Dagen.

Konsekvensane av å spørje jobbsøkjarar om samlivsform er alvorlege, ifølgje Open folkekyrkje-politikaren.

– Når ein spør etter samlivsform ved tilsetjing av prestar er sannsynet stort for at ein påfører skam på dei få som ikkje passar inn i den tradisjonelle boksen. Etter mi meining er dette ei negativ form for sosial kontroll, skriv Vignes.

Sjølv har ho møtt fleire skeive som har kjent seg stengt ute av konservative kristne. Ho viser til ein FAFO-rapport frå 2020, som ho meiner viser noko av det same.

I denne kjem det mellom anna fram at LHBT-personar ikkje søkjer seg til konservative bispedømme.

– Når ein har eit konservativt syn på samlivsetikk, har ein eit særskild ansvar for å tenkte over om ein gjer rommet meir eller mindre trygt, for dei som ikkje er som ein sjølv, skriv ho til konservative kyrkjefolk.

Til liberale: – Ikkje utøv sosial kontroll

Snart kan den omstridde tilsettingspraksisen vere over, også i Stavanger.

Open folkekyrkje vil nekte heile Den norske kyrkja å vektleggje samlivsform ved tilsettingar. Nå er saka på høyring, før Kyrkjemøtet skal fatte endeleg vedtak i august. Open folkekyrkje har fleirtal i Kyrkjemøtet.

Vignes vedgår at også kristenkonservative kan oppleve minoritetsstress i Den norske kyrkja.

– Eg veit at det er mykje fordommar mot såkalla kristenkonservative, skriv ho i innlegget.

Sjølv har ho opplevd fordommar som tidlegare organisasjonssjef i NMSU. Etter ho skifta meining i samlivsspørsmålet tilbake i 2010 har ho også tatt seg sjølv i å vere fordomsfull.

– Viss nokon er veldig opptatt av konservativ samlivsetikk tar eg meg sjølv i å bli mindre interessert i å høyre kva dei meiner i andre spørsmål. Det er litt sånn identitetspolitikk fungerer: Dersom ein meiner at nokon tar feil i ei sak, er det lett å stemple folk som idiotar på område også.

På vakt mot fordommar

Vignes lovar å vere «merksam i gruppene» ho er del av i tida fram mot kyrkjevalet.

– Ein del konservative kjenner seg knebla og avskrive som irrelevante eller nokon som vil andre vondt. Slik skal det ikkje vere i ei kyrkje med to samlivssyn, seier ho.

Den tidlegare NMSU-organisasjonssjefen meiner likevel at minoritetsstresset, som LHBT+-personar opplever, ikkje kan sidestillast med minoritetsstresset til kristenkonservative.

– Det er forskjell på å bli nekta å arbeide som prest fordi dei er saman med nokon av same kjønn, og å bli utfordra på standpunkta sine, seier Vignes.

– Kan det ikkje og vere vanskeleg for konservative prestar å søke på stillingar i liberale bispedøme?

– Det kan godt hende, og det er noko vi må vere merksame på, seier Dorrit Vignes.

– Det er krevjande å både vareta ulike teologiske syn på ekteskapet, ta omsyn til lokal kyrkjelyd, behovet for ei heilskapleg arbeidsgjevarpolitikk og å følgje arbeidsmiljøloven på ei og same tid.

Powered by Labrador CMS