SASSOON-KODEKSEN: Den segnomspunne kodeksen blir stilt ut i London.
John Minchillo/AP/NTB
Auksjonerer bort bibel til 500 millionar kroner
Verket ligg an til å bli det dyraste dokumentet som nokon gong er seld.
Dei siste 40 åra har den eldste kopien av Den hebraiske bibelen, kjent som Sassoon-kodeksen, vore utilgjengeleg for offentlegheita.
No skal den stillast ut over heile verda og sidan auksjonerast bort.
Første stopp er auksjonshuset Sotheby's i London frå 22. til 28. februar. Deretter vil verket bli vist fram i Tel Aviv, Dallas, Los Angeles og New York.