– Avgjerande å tilsette kristne lærarar
Korleis skal ein sikre at ein folkehøgskule forblir kristen? – Gjennom tilsettingar, seier rektor ved Nordfjord folkehøgskule.
I går skreiv Dagen om konflikten på Danvik folkehøgskule i Drammen der rektor gjekk av etter at elevane i ein revy harselerte med Jesus og nattverden. Då han i etterkant fronta skulens offisielle syn, opplevde han at han ikkje hadde støtte i kollegiet. Danvik er eigd av KFUK-KFUM og Normisjon.
Nordfjord folkehøgskule på Sandane i Sogn og Fjordane er eigd av Normisjon. Skulen har 130 elevar og 32 tilsette. Hildegunn Gjesdal Tennebø har berre høyrt om rektors avgang ved Danvik, kjenner ikkje inngåande til saka og ynskjer ikkje å kommentere henne.
Men ho er oppteken av problemstillinga med korleis ein skal prege ein folkehøgskule over tid at han er kristen.
Fremje kristen tru
– Det går ikkje av seg sjølv. Rett og slett. Ein må fylle på visjonen heile tida, seier rektoren.
Nordfjord folkehøgskule har visjonen «Vi vil setje spor under open himmel».
– Det er viktig å ta det fram, heile tida. Vi har visjonen og verdiane våre på plakatar på personalrommet, vi refererer til dei når vi startar nytt semester, det er på nettsidene, PR-materellet og bilane våre. Det er ei forkynning både til oss sjølve og til dei vi vender oss til.
På skulen bladde dei gjennom skulebrosjyren og spurt seg sjølve: Viser dette at vi er ein kristen skule? Har vi bilete frå kapellet? Frå pilegrimsvandringa vår? Svaret var nei, og dei sørga for å få det inn.
– Du skildrar no rammer rundt skulen. Men korleis merker elevane i kvardagen at skulen er kristen?
– Det er avgjerande at personalet er kristne og at dei har ei aktiv tilslutning til kristen tru. Her må ein også gå på kompromiss. Vi er i ei lita bygd og har ikkje eit hav av folk å velje mellom når vi tilset. Men det er viktig at dei som er tilsett på pedagogisk side, har ei aktiv tilslutning til trua. I arbeidskontrakten står det at dei aktivt skal fremje kristen tru.
– Kva vil det seie å aktivt fremje kristen tru?
– At ein kan forvente at lærarane har eit ord for dagen. At dei kan vere med på kristendomsundervisninga og kan leie bibel- og samtalegrupper. Kanskje er det like viktig med dei uformelle samtalene rundt bålet.
Ikkje rett eller feil
– Kva spør du om på intervju?
– Vi fortel kva som er verdigrunnlaget og visjonen vår og spør om dei sjølv har eit aktivt forhold til kristen tru. Det handlar ikkje om å svare rett eller feil på spørsmålet, men å ha ei felles retning. Skulen har også åtte stipendiatar kvart år, som er elevar som tek eit andreår på skulen. Dei er også ein viktig rekrutteringsbase når nye skal tilsettast.
Rektoren understrekar også at det er viktig å ha ryddige rammer og eit godt miljø for lærarar, slik at dei blir verande lenge og skaper eit attraktivt arbeidsmiljø.
Ein del skular tilbyr linjer med spesifikke krav til kompetanse. Der kan det vere krevjande nok å finne kompetente fagpersonar og enda meir krevjande når ein også krev aktiv tilslutning til kristen tru. Mange av desse ligg på små plassar.
– Det er utfordrande, seier Tennebø.
– Har du nokon gong late vere å tilsette ein kvalifisert lærar fordi han eller ho ikkje er kristen?
Tennebø tenker seg lenge om før ho svarer.
– Eg trur ikkje det.
Skuleprest
Johan Lövgren er ansatt som skuleprest ved Grenland folkehøgskole. Han er den første som har skrive doktorgrad på praktisk pedagogikk i folkehøgskolen. Hans inntrykk er at mange lærarar jobbar medvite med å fremje den kristne profilen.
– Men det er ein tøff oppgåve. Dei fleste elevane har ingen kyrkjelydsbakgrunn, seier han.
– Vi mister mange i den alderen. Her meiner eg at kyrkja har mykje å lære av folkehøgskulen. Dei burde møte dei unge med openheit og respekt. Dei unge treng at vi er tydelege, men det må skje i dialog.
– Kva ligg i dialog?
– Vi er tydelege på det mest sentrale i trua, men må vere førebudde på å ha ein open dialog om det aller meste, forklarer han.
Grenland folkehøgskule har valt å behalde kristendomsfaget og arrangerer jevnlig Tomasmesser, der alle elevane deltar.
– Mange tenner lys, og mange vil gå til nattverd. Når det vert invitert til forbønn, kjem kanskje 50-60 elevar fram, fortel Lövgren.
Han gler seg over at kristendomsfaget får høg skår når elevane skal rangere kva fag på skulen dei har hatt godt utbytte av.
Skulepresten unngår bevisst ord som «kristen» og «ikkje-kristen».
– Mi erfaring er at mange er på veg mot ei tru. Tilbakemeldingar vi får frå elevar er at dei opplever å bli møtt med openheit. «Hadde vi følt at vi sett i ein kategori, ville vi ikkje ha kome til truspraksis eller Thomasmesse,» var det ein som sa.