Avslyser samtalar om fengsla misjonær
Nord-Korea vil ikke snakke med amerikanske styresmakter om den koreansk-amerikanske misjonæren Kenneth Bae.
Amerikanske styresmakter er skuffa over at Nord-Korea har trekt tilbake ein invitasjon til ein høgståande amerikanske tenestemann som ville samtale om å få sett fri den koreansk-amerikanske misjonæren Kenneth Bae (45), melder Reuters.
Nordkoreanske styresmakter har ikkje kommentert saka ut over å stadfeste at ein pensjonert amerikansk diplomat var komen til Pyongyang måndag saman med ei gruppe. Tenestemannen heiter Donald Cregg og er tidlegare amerikansk ambassadør i Sør Korea. Han har vore talsmann for dialog med Nord-Korea.
Den felles militærøvinga mellom USA og Sør-Korea frå 24. februar til 18. april, som Nord-Korea er imot, vert vurdert som ein mogeleg grunn til avlysinga. Dei amerikanske styresmaktene viser til at denne øvinga er gjennomsiktig, regelmessig og forsvarsorienter, og avviser at ho på nokon måte er knytt til Bae-saka.
I meir enn eit år har Bae vore fanga i verdas mest lukka land. Trebarnsfaren vart dømd til 15 års hardt arbeid for forsøk på å undergrave staten. Ifølgje familien vart han overført til eit sjukehus i august på grunn av alvorlege helseproblem.
President Barack Obama tok opp situasjonen til Bae då han snakka om trusfridom under Den nasjonale bønefrukosten i Washington D. C. torsdag i førre veke. Han fortalte at administrasjonen hans arbeider utan opphald for å få Bae heim til familien i USA.
Dagen