Nils-Jonny Sortland (57) med hunden Lassie.

Ba den same bøna i fem år

Bedriftseigar Nils-Jonny Sortland (57) ba Gud gjere han i stand til livet åleine eller finne nokon som han kunne leve saman med.

Publisert Sist oppdatert

Møbelsnekker Nils-Jonny Sortland kjem frå Bømlo i Sunnhordland der han driv eiga bedrift. Der er han også leiar for tenåringar på bedehuset.

– Her kjem velkomstkomiteen, seier Nils-Jonny Sortland då hunden Lassie kjem springande til journalisten utanfor snekkerverkstaden i Hollundsdalen.

Han opnar døra inn til verkstaden. Blant hyller, verktøy og ulike treverk, heng det eit kors på veggen. Han har laga det sjølv. Under korset har han skrive: «Kast all dykkar uro på han for han har omsorg for dykk».

Som barn vaks Nils-Jonny opp med å springe mellom kyrkjebenkane. Far var kyrkjetenar og mor vaska i kyrkja. Han ser tilbake på oppveksten som ei tid då han fekk leggje eit godt grunnlag for trua. Det vart svært verdifullt då livet seinare bydde på motgang.

Snudde på vegen ut

Som ungdom hadde Nils-Jonny aldri takka nei til Gud, fortel han, men takka ja hadde han heller ikkje gjort. Då han var nitten, tok han valet som skulle få stor betyding for livet hans. Året var 1981 og det var teltmøter på Moster på Bømlo.

– Eg kjende på kallet. Det banka på, seier Nils-Jonny Sortland og tek knyttneven mot brystet.

Likevel torde han ikkje å gå fram for å seie ja til invitasjonen, verken første eller andre kvelden. Då siste teltmøte både kom og gjekk, hadde han enno ikkje gjort noko med hjartebanken. På vegen ut av det siste teltmøtet endra alt seg, fortel bømlingen.

– Plutseleg kjende eg at beina snudde rett og slett. Eg måtte snu og gå inn igjen. Eg tok imot Jesus. Det har eg aldri angra meg på, seier Sortland.

Foreldrerelasjon

Tidleg på 90-talet vart livet til Nils-Jonny Sortland snudd på hovudet. Han og kona skilte lag. Bedrifta gjekk konkurs, og ikkje mange år seinare vart han sjølv sjuk.

– Eg har nok alltid vore den typen som ikkje skulle bry andre. Eg var mykje sint på Gud, og det er jo greit nok, det trur eg at Gud toler. Men eg er så takksam for at eg hadde trua når alle desse utfordringane kom. Trua mi var kanskje lita då, men Gud var der, seier han.

– Gud har sendt både menneske og andre i min veg når eg har trengt det.

Han skildrar trua og relasjonen med Gud slik han også skildrar relasjonen ein kan ha til foreldra sine.

– Utan trua ville det ha vore som å vere foreldrelaus for meg. Slik ein gjerne kan vere sint på foreldre, er ein også likevel utruleg takksam og glad for å ha dei. For meg er det heilt utenkeleg å ikkje ha ei tru. Kven skulle eg då ha gått til? spør Sortland.

Ba i fem år

Trua vart utfordra då han var skilt.

– Eg er veldig audmjuk rundt dette. Eg veit at det står i Bibelen at ein ikkje skal skilje seg, og at det står at ein ikkje skal gifte seg på nytt, seier han.

Seinare møtte han kona Merete Sortland.

– Eg var åleine i 15 år før eg trefte kona mi Merete. Eg synest det var utruleg vanskeleg å leve åleine. I fem år ba eg den same bøna: at Gud måtte hjelpe meg å få til livet åleine, at det måtte ordne seg med den første kona eller at han måtte finne ei ny kone til meg, seier Sortland.

Han understrekar at han ikkje ynskjer å vere nokon talsmann for at skilsmisse og gjengifte er riktig, men sjølv opplevde han at det å møte kona var eit bønnesvar.

– Det har betydd mykje både for trua og elles. Vi møttes på eit møte i Kristent Fellesskap i Bergen. Eigentleg skulle eg vore på hytta ein anna plass. Møtet var heilt fullt og alle setene var opptekne, utanom eit ledig sete ved sidan av meg, fortel han.

Postkassen til bedrifta med personlige preg. Den er teikna av ei av dei ansatte i Møbelsnekkeren AS.

Uventa hjelp

Nils-Jonny erfarer at Gud ikkje alltid sender hjelp frå der ein skulle tru. Då han i 2011 sleit med angst og depresjon, var det kameratar som han kjende frå jobbsamanheng som vart viktige.

– Ærlige samtaler og bønefellesskap saman med to av venene mine har vore utruleg verdifullt for trua mi, seier Nils-Jonny Sortland.

I dag ynskjer Nils-Jonny at utfordringane han har møtt på kan vere til hjelp for andre. Han har mange på bønelista som han ber for. Hunden Lassie var og ein av dei han meinar at Gud sende på rette tidspunkt.

– Eg trur Gud kan bruke noko så enkelt som ein hund. Ein ekstra ven som er utruleg god å ha for ein som strevar med angst, seier han.

Korset som Nils-Jonny har laga heng på veggen på arbeidsplassen. – Eg har vore mykje sint på Gud, men han har alltid vore der, sier Nils-Jonny Sortland.

Opne og ærlige liv

– Har du råd til andre om korleis ein kan holde fast på trua?

– Gå til Jesus med alt. I gode og dårlege tider. Akkurat slik du er, seier Nils-Jonny Sortland.

– Eg trur også at det er viktig at vi kristne i forsamlingar rundt om kring tek var på menneska i fellesskapa våre. La opne og ærlege samtala få prege fellesskapa, avsluttar han.


Fakta

Powered by Labrador CMS