Capitol Hill er setet for den amerikanske regjeringen. Her ligger United States Capitol med sin velkjente kuppel, samt senatet, representantenes hus og høyesterettsbygningen.
Foto: Jon Elswick / AP / NTB
Både gamle kjende og nye ansikt skal be for Trump
Færre religiøse leiarar enn sist får synlege roller under presidentinnsetjinga på måndag.
Tradisjonen tru skal eit utval religiøse leiarar be under innsetjinga av ny amerikansk president måndag 20. januar. I tillegg skal det vere gudstenester i Washington National Cathedral og St. John´s Church, men desse er endra på ein måte som gjer at den komande presidenten får setje mindre preg på dei, ifølgje Religion News Service.
Ber for andre gong
Både den baptistiske evangelisten Franklin Graham og den katolske kardinalen Timothy Dolan skal delta, som dei gjorde under innsetjinga av Trump i 2017. Den gongen var fire andre med, mellom desse tv-predikanten Paula White og rabbi Marvin Hier, men desse står ikkje på lista no.